Pengane eller livet

Sauer på bøenSauene går framleis på bøen, lodne, hornete og naturfarga. Kor lenge blir dei gåande der? Går det sauer på bøen om to år, om fire, fem år? Kan vi forsvare å halde på med det?
Kor lenge kan vi drive vidare i den gamle fjøsen? For vi kan i alle fall ikkje forsvare å byggje ny. Kan vi satse på utegangardrift? Kan vi omsetje kjøtet på ein måte som kastar av seg? Går det an å få alt til å henge saman på ein fungerande måte? Eller er det berre tøys å halde på med dette?

Vi er på vippepunktet der det blir alvor. Der årevis med planer og draumar må vinne eller forsvinne. Der det må ta til å lønne seg, det vi held på med. Der det skal erstatte noko anna, forsvare eit inntektstap ved å trappe ned ein annan, betalt jobb. Det er skummelt og inneber vanskelege val. Vi kan ikkje leike smågründerar lenger, vi må bli det.
Vi er i dobbelt opp-fasen, i overlappingsfasen. Vi rir to-tre hestar, og trapper opp på nokre frontar for å kunne trappe ned på andre. Det stiller krav til timing og strategi, å vite kor tid ein skal hoppe frå den eine hesten til den andre, eventuelt parkere noko. Det er 100% jobb, sauer, musikalsk lausarbeid, turistar og førebuingar til selskapsverksemd. Jobb-nedtrappinga har starta for ein av oss, den andre skal følgje etter neste år, og 20% av livet skal snart brukast til å jobbe mot eigne mål.

Hadde vi endå visst om styresmaktene vil oss vel. Det ser skummelt ut. Signala dei sender ut er at vi er små og unyttige, vi når ikkje opp til deira tak og grenseverdiar for omsetjing, moms eller andre mål. Kva skal dei med oss, og kva skal vi jobbe på for?
Vil bygda, kommunen, ha aktiviteten vår, eller er det mest sært og eigna til å erte opp bygdedyret? Er det berre tull å innbille seg at det går an å få til noko som samfunnet vil ha på eit småbruk i periferien i vår tid? Er det berre drøymeri? Burde vi heller gje oss mens leiken er nokolunde god, og medan vi framleis har nokre år att til alderdommen, selje unna og flytte til byen, få tatt den mastergraden, bu enkelt i blokk og leve det sosiale livet i tettstaden?

Det står om pengane eller livet, til sjuande og sist. Skal vi høyre på dei som seier at meininga med livet er å gjere karriere, klatre på lønnsstigen, opparbeide gode pensjonsrettar, få mest mogeleg inn på konto for lågast mogeleg kalori- og tidsforbruk? Eller skal vi lytte til vår indre stemme, som veit at meininga med livet vårt er å fullføre det prosjektet vi starta på i 1988?  Kva vert du eigentleg lukkelegast av, den dagen rekneskapen skal gjerast opp? Å vite at du satsa trygt og sikkert, gjorde som samfunnet forventa av deg, bygde deg opp eit økonomisk fundament som borna dine kan arve? Eller er det å vite at du følgde draumane dine, at du heldt fast på dei måla du hadde sett deg?

I dag kom faktisk svaret. Dalande ned frå nettskya på Facebook kom det, tilsynelatande klart og eintydig. Nokon delte Kjell Kristian Hovde sin tekst «9 hemmeligheter lykkelige mennesker lever etter»:
http://kjellchristian.com/2014/11/11/9-hemmeligheter-lykkelige-mennesker-lever-etter/

Der skriv han mellom anna: «Å fokusere på penger er en sikker måte å bli ulykkelig på.»
(…) «Lykkelige mennesker velger å verdsette opplevelser fremfor materielle goder.»

Og: «Det er èn ting mennesker angrer mer på enn noe annet når de skal dø, og det er at de ikke har hatt mer mot til å leve det livet de selv har villet.  Istedenfor å følge andres forventninger, følger lykkelige mennesker det som betyr noe for de.»

Ok, skal vi velje å tru Kjell Kristian Hovde på det, då? I så fall kan sauene beite trygt nokre år til, og vi kan halde fram vår vaklevorne vandring mot realisering av alt vi har tenkt. Halde fast på det når tvilen råkar, når permisjonssøknader eller jobbskifte verkar som store og alvorlege steg ut i det usikre, når dobbeltarbeidet vippar over til slit, når vi tek oss i å lure på kva det er vi brukar livet vårt til. Kanskje vi kan stole på Kjell Kristian sine ord, og tru at den langsiktige lukka ligg og lurer i andre enden – kva no enn den måtte vere.

Forresten kom det ei gledeleg melding til denne veka: Tante Kari Støfringsdal vann fylkeskulturprisen for sitt årelange arbeid for å formidle kunnskap om tradisjonsmaten frå Sogn og Fjordane, gjennom bøker og kursverksemd. Ho og onkel Odd har bygd opp Fjordamattunet med nøysemd og handverk i tunet i Støfringsdalen, i grisefjøsen der vi gjekk og besøkte purkene og grisungane då vi var små. Ho er eit døme på eit menneske som har halde fast på det ho brenn for, heilt tilbake til den tida då få andre såg verdien i gamaldagse mattradisjonar. No har ho skapt sin eigen arbeidsplass, og gjev mange andre gode opplevingar i bakstehuset sitt. Alt er mogeleg. Vi gjev sauene ein sjanse til.

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s