Å komme av flekken

Det går uforholdsmessig mykje tid med til å leve. Til å halde livet gåande, berre. Det er jo ikkje råd å komme av flekken. Har det eigentleg vore forska på kor mykje tid som går med til å halde seg sjølv og ein familie gåande? Å tru at ein i tillegg skal drive med gardsutvikling er i overkant optimistisk.

«Vi må vidare i livet,» seier husbonden. Alltid vidare. Som om vegen går rett fram, og det er berre å legge kilometerar bak seg. Sluke miler i jakta på utviklingsmål og framdrift. Men sanninga er, min kjære, at vegen går i sirklar. Sentrifugalkrafta dreg oss inn i eit evig krinslaup der vi seglar rundt og rundt i vedlikehaldssirkelen, som romsondar i bane rundt vår vesle planet.

Vi skal få på plass eit kjøken som fyller krava frå mattilsynet. Så skal vi starte med selskapsutleige. Det høyrest ikkje så mykje ut. Men i tillegg skal vi klippe sauer, ta imot lam, førebu hus og båtar til turistsesongen, ta igjen eit etterslep av vedlikehaldsoppgåver, slikt som grindar og gjerde, måling, rydding, omorganisering, dyrking, skogrydding. Etter at vi har vore på jobb, lufta hunden, fora sauer, organisert middagar, rydda kjøken, vaska og bretta kle, vaska hus og skifta sengetøy. Så går tida med til å drive fysisk fostring, feire jul, reise på turar, halde kontakten med familien, lose sønene gjennom tenåringstida, drive lærekøyring, gå på skiturar, øve på tysk grammatikk før turistane kjem.

Vekene rullar. Vi kjem ikkje av flekken. Vi står på livets tredemølle og spring på staden. Men tida går. Livets store teljeverk tikkar sin nådelause gang, og vi skal om kort tid bikke 50 års-merket.  Livet er ikkje lenger ein uendeleg veg framover i tida, det er ein høgst dyrebar ressurs som renn ut i timeglaset. Så korleis disponere den klokt? VI vil jo ikkje bli som Jan Magnus Bruheim sin «Annsame» – ei glede sprang etter på vegen, men nådde han aldri igjen.

Kanskje vi slett ikkje skal av flekken. Kan hende er det heilt feil å strebe etter mål der framme, kanskje det er skivebom, rett og slett? «Livet er ingen motorveg mellom vogga og grava, men ein plass til å parkere i sola,» stod det snusfornuftig på russekortet for 30 år sidan.  Kanskje vi skulle ta orda på alvor, slå oss til ro her i vårt vesle univers og la krinslaupet gå sin gang, nyte tida i runddansen. Gje skit i utviklinga – vi bur visst uansett i ein utkant som er klar for demontering og sentralisering. Er det i det heile vits i å prøve å få til noko her?

Det er trygt å bli på flekken òg. Det er skummelt å skulle vidare, ut i ukjent terreng. Kanskje det ikkje går bra? Truleg blir det slitsamt og lite innbringande. Kanskje andre vil synest at det er dumt, for dårleg, for lite profesjonelt? Ville ikkje det beste vere å halde seg heilt i ro og nyte det som er, og ikkje utsetje seg for nye utfordringar?

For det er er ikkje heilt sant at ingenting skjer. Vi jobbar med marknadsføring i kulissane. Ein reklamemann er hyra inn for å fotografere, lage logo og gjere kjent at vi skal bli ein stad for selskap og samkomer. Vi skal kaste oss inn på marknaden og håpe at nokon vil bruke det vi skal tilby. Skummelt. Bygdedyret kvesser klørne, og det er freistande å gå i dekning med strikketøyet i godstolen, ta oppvasken og late som ingenting.

Så kva blir det til? Vil vi av flekken, kjem vi av flekken? Kan vi overvinne vedlikehaldsspiralen, kan vi finne balansen mellom framdrift og sjelero? Vil verkeleg vegen bli til medan vi går? Reklamemannen var her hin dagen og fotograferte sauer. Dei kjem i alle fall ikkje av flekken, og ser ut til å nyte sitt korte liv der dei er, med enkle gleder. No skal dei bli varemerke og symbol på det gode liv ved fjorden. Dei kan i alle fall lære oss noko om ro til å parkere i sola, medan vi prøvar å komme vidare.

16_sk

Foto: Stig Hovlandsdal Øvreås