Turistsesongen er i gang. Første pulje var fem unge tyskarar rundt 30, ein vennegjeng som var begeistra over å komme til ei heilnorsk tømmerhytte ved skogen. Det første dei gjorde etter ankomst, var å fyre opp i den gamle vedkomfyren på kjøkenet, som eigentleg står mest til pynt. Dei var i full gang med å ta av kokeringane og finne fram blanke, nye panner frå kjøkenskåpet for å koke på eksotisk vis over open eld. Heldigvis tok dei signalet om at det ikkje var særleg ynskjeleg, og at det ville medføre at pannene vart temmeleg svarte.
To dagar seinare kom det inn ei melding på telefonen: «Could we borrow an axe, please?» Tja, tenkte eg, kva er det no? Skal dei ut i skogen og hogge sin eigen ved, lage bål eller noko anna villmarksaktig, heilnorsk og spennande? På mest mogleg taktisk vis prøvde eg å høyre kva dei skulle med øksa, og formidle at det å hogge i vegetasjonen ikkje var eit alternativ. «Oh, no, no, we are not going to cut a tree or something.» Saka var at dei hadde ein kamerat i Tyskland som hadde tipsa dei om å reise til Norge, og no hadde denne kameraten bursdag. I anledning dagen ville dei ta eit retteleg barskt, friluftsprega bilde – med øks – og sende til han i Tyskland. Åh – då so.
Vel heime frå jobb var det å leite opp ei øks, køyre inn og avlevere den på døra. Dei var strålande nøgde. Då dei skulle reise heim, hadde dei òg ei gåve å etterlate. På tur langs elva i Høyanger hadde ei av jentene funne eit halvt hjortegevir, som låg fint til pynt i glaskarmen. Helst ville ho teke det med og gitt det som gåve til mor si, men det var litt vanskeleg å få det med på flyet, så det vart etterlate som ei gåve til vertskapet i staden.
Så då er vi i gang, og fem unge tyskarar har fått oppleve sol og regn, skog og sjø, å fyre i vedkomfyr og leike barske friluftsfolk med øks. Sesongen har sikkert mykje meir spennande i vente for oss.