Om menn og maskiner

DSC_1262[1]
Det er kjekt å slå med ryddesag. Frese til, så gras og kvistar fyk. Rydde og reinske, komme ned til rota av alt. Dure og bråke, sveitte og jobbe. På med arbeidsbukse, støvlar, sele, hjelm med høyrselvern og skjerm. Fylle på bensin, sette på meir tråd, dra i snora og få start. Ruse motoren litt, berre for å kjenne litt på motorkrafta, handlekrafta som ligg i den sterke reiskapen.

Det var mannfolk ein skulle ha vore. Styra på med maskiner, motorar, olje og bensin, svansar og grabbar, gravemaskiner og traktorar. Kjent på kontrollen over motorkreftene, musklane det gir, evna til å gyve laus på jord, stein, gras, kva det skal vere. Labbe rundt i arbeidskle og vernesko, med olje på knea og jord på underarmane, gå med lange steg over tunet til neste gjeremål, spytte litt karsleg i grusen før ein tek tak i slåmaskina eller silosvansen. Vite at ein gjer noko framtidsretta, produserer, skaper endringar og framdrift, tener familie og fedreland.

Det er ikkje så mykje saft og kraft i småbrukarkjerringrollen. Det blir mykje bak-i-kulissane-oppgåver. Legge grunnlaget for at andre kan gjere den verkelege jobben, den som det blir noko av. Bestyre det usynlege evighetsarbeidet, den ubrotne sirkelen av mat, klede, boss, skit, vedlikehald og reparasjonar. Halde kontroll på neste middag, neste klesvask, nivået i skittentøyskorga og klesbretteavdelinga, halde oversikt over tenåringar ut og inn, busskort og lommepengar og overnattingsavtaler. Slik av Bonden blir frigjort frå bagatellane og detaljane si vesle verd og kan gå ut og gjere veg i vellinga, setje krefter i rørsle, få ting til å skje.

Men ryddesaga, den er redninga. Den kan kjerringa handtere utan fare for liv og helse, og utan å trampe inn i Bonden sitt domene. Det er heilt klart ein kjerringsyssel, slik rydding gjerne er. Det er vedlikehaldsarbeid, og dekker eit estetisk, og ikkje eit  produktivt behov.  Men likevel. Det er motorisert, og gjev kjensla av musklar og handlekraft og gjennomføringsevne. Det bråkar og fresar og kappar og riv, det er fart og kraft og effektivitet. Og det gjev eit synleg resultat. Kampen mot ugras og kvas vert krona med udiskutabel siger, det står igjen ei endring som kan sjåast med det blotte auget, i alle fall ei vekes tid.

Så takk til ryddesaga. Det er nesten så ein kan kjenne at ein går litt meir karsleg i støvlane, det er rett før det blir trong for å spytte litt. I dag har vi rydda rundt nedkøyrsla til hytta på Klævoldsneset, ryddesaga og eg. Sjølvsagt er det forholdsvis unyttig og til dels unødvendig i eit mannfolkperspektiv, men det gir vi skit i. Kanskje ingen tenkjer over det, kanskje verken turistar eller andre blir lukkelegare over at vegkantane er rydda for høgt, gamalt gras og visvas. Men ryddesaga og eg, vi er godt fornøgde og kanskje litt lukkelegare. Ho startar som ei klokke, freser glad og villig og gjer jobben, og kjerringa får ein liten smak av motor, musklar og manneliv.

DSC_1263[1]

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s