«Korleis går det med turistutleiga? Har de mykje belegg?» spør folk. Og svaret er ja, vi har hatt godt belegg, og det går bra. Det har stort sett vore folk både i huset og i hytta heile sommaren, med unntak av eit par veker. Og bortsett frå eit par tilfelle der båtane har slått seg vrange, har det meste fungert fint. Vêret har sjølvsagt ikkje vore det heilt store denne sommaren, men det er få som har klaga.
Men ei familie kom med tre generasjonar og var her i to veker der regnet pøsa og temperaturen låg jamnt på 12-13 grader. Besteforeldra var trufaste norgesvenner som hadde hatt utallige ferieopphald her i landet, og til og med hadde vurdert å flytte til Norge. Men ved avreisa kunne dei fortelje at dei vaksne borna deira var sjokkerte over regnet og hadde uttalt bombastisk at «her kunne vi aldri ha budd!» Dei gledde seg til å komme tilbake til 30 varmegrader i Berlin. Andre gjester har faktisk kvidd seg til å reise heim på grunn av varmen i Europa, og ville heller ha 15 grader her enn 37 i Tyskland.
Så har vi kategorien Fiskarar, som kjem med eitt mål for auge: Å finne mest mogeleg fisk i fjorden. Dei er vi alltid litt småbekymra for, for det er ikkje så store mengder fisk å få i fjorden for tida, særleg ikkje i sommarmånadane. Dei kjem med store mengder fiskeutstyr av alle slag, og stablar opp eit titals fiskestenger og opptil fleire koffertar med remediar vi aldri har sett. Då er det litt nedtur dersom fjorden er daud og tom, og dei må luske slukøyrte tilbake frå fisketurane dag etter dag. Då er vi alltid glade når dei får seg nokre makrellar eller palar som kan redde dagen.
«Men de får vel ikkje tid til ferie sjølv?» spør folk, med ei småbekymra mine, og lurer tydelegvis på korleis vi har stelt oss. Nei, det blir berre kortreiste småturar i sommarsesongen. Men no nærmar haustferien seg, og då skal vi stenge hyttedørene og ta ut belønninga i form av ei veke i Italia. Men likevel er ikkje turistsesongen over, for i siste halvdel av oktober kjem dei siste hyttegjestene, og dei kan i alle fall ikkje ha valt feriemål på grunn av vêret!
Så var det vegen vidare. No er det å få sett i gang selskapsutleige som er neste mål. Deler av sommaren har gått med til å lese på «Etablererprøven for serveringsvirksomhet», for å kunne avlegge prøven som trengst for å kunne søkje serveringsløyve, slik at det vert mogeleg å selje eigenprodusert mat om det skulle bli aktuelt. Prøven vart gjennomført i august, og no er vi nokre tekniske oppgraderingar på kjøkenet frå å kunne sende ein søknad.
I juni hadde vi ein personalfest her, og i slutten av september skal vi arrangere ei bursdagsfeiring. Før jul er planen å lage julegåvebutikk med varer frå flinke, lokale produsentar som lagar bilde, syr og strikkar. Og så blir det ny adventskonsert i stova, slik vi hadde for første gong i fjor. Der skal unge, lokale amatørar få delta med song og blåseinstrument i ein heimekoseleg og annleis julekonsert. Planlegginga av songval og arrangement er i full gang.
Frå 1. januar skal vi også overta utleigedrifta på Furuheimen, ein tradisjonsrik ferieheim i Frivika, som fagforeininga i Høyanger har eigd sidan 1930-talet. Der blir det fleire turistar å ta imot om sommaren, og lokale folk som brukar huset til bursdagar, venne- og kollegatreff i vinterhalvåret. Då blir utleigedrifta teken eit steg vidare, og Stig Øvreås i reklamebyrået Finurlig har laga ei flott brosjyre for oss, som viser alle dei tre husa som då blir til utleige. Den skal snart distribuerast, men først må den tilhøyrande nettsida opp og gå.
Vi blir ikkje arbeidslause dette året heller, men har til gjengjeld starta ei forsiktig nedtrapping av anna arbeid for å ha meir kapasitet til å ta ned alle ballane vi hiv opp. Det er spennande og litt skummelt, og vi lurer stadig på om vi eigentleg er lure eller dumme som kastar oss ut i dette i staden for å satse sikkert og velje den breie vegen gjennom yrkeslivet. Men moro er det!