«Det er ikke vanskelig å gå til Sydpolen. Det er bare å sette den ene foten foran den andre. Gjør du det lenge nok, kommer du frem,» skal polfarar Børge Ousland ha sagt.
Av og til kjennest det som om vi har lagt ut på ein tur til Sydpolen. Det er uendeleg langt fram, og du ser ikkje enden på det. Det er særleg om våren at denne kjensla oppstår, på denne tida, rett etter påske. Gjeremålslista er for så vidt rikeleg lang heile året, men no er vi på eit svimlande toppnivå. Nokre få, utvalde døme frå årets meny:
I denne låven, der det før var silo og høystål, skal det støypast nytt golv for å bli utviding av sauefjøsen. Ei langt enklare og billigare løysing enn å byggje nytt. Prosjektet er forseinka på grunn av ein overbelasta entreprenør, og blir ikkje ferdig til lamminga slik planen var.
Denne flytebryggja skal reparerast etter vinterstormen sine herjingar, saman med steinkaia som vi ser i bakgrunnen. Men først må vi land og strand rundt for å få tak i eit nytt flyte-element som kan skøytast saman med det som vart øydelagt. Så skal det komme ein kar med gravemaskin og legge på plass steinblokkene som har rasa ut. Dette anlegget trudde vi var ferdig i fjor, men no må det fiksast på nytt, før turistsesongen startar.
Denne vasskjelda skal gravast opp for å legge ned nye sementringar. Det er siste utveg etter at mildare verkemiddel har vore prøvde i mange omgangar. Her har det vore rota i gjørme, grave opp, reinska ut og støypt igjen. Men vatnet er framleis brunfarga i periodar, og slik kan vi ikkje ha det når turistar og andre gjester kjem. Så no ventar ein stor-operasjon med gravemaskin, i håp om å løyse problemet ein gong for alle.
Så har vi sjølvsagt den forsømde marka på Klævoldsneset, som har vore ein verkebyll i årevis, eit dyrkingsprosjekt som kvart bidige år har rykka ned under den kritiske streken på prioriteringslista. I år skulle og måtte det bli, men det ser førebels mørkt ut.
For lamminga nærmar seg, og sidan den ovannemnde utvidinga ikkje blir ferdig i tide, er det i gang med provisoriske fødebingar i krikar og krokar, for å ta unna pågangen av lammesjuke mødre. Og våronna må gjerast, med gjødsling og breiing av fjorgamal møk som ligg i dungar på bøen. Hagen skal fiksast, frukttrea skal klippast for eit tusental renningar, busker skal beskjærast, og greiner og kvistar i hopetal skal ryddast. Utleigehusa må vaskast, båtar må køyrast fram og setjast på sjøen, og vi kryssar fingrar for at kaia og flytebrygga kjem i orden til dei første turistane kjem 11. mai.
Den viktigaste eigenskapen for å kunne drive med gardsbruk er evna til å takle alt du ikkje rekk over. Praktiske evner og handtering av dyr og maskiner er nødvendig nok, men alt fell til marka utan at du har kontroll på skallen. For det tek aldri slutt, og du får aldri kontroll. Uovervunne gjeremål grin mot deg over alt, og du må puste med magen og late som ingenting. Og bak kvar ting som skal gjerast ligg det eit uhorveleg vell av del-oppgåver og detaljar. Nei, Børge Ousland, det er ikkje vanskeleg, det meste av det. Det som er vanskeleg, er å la vere å tenkje på kor mykje som er att, og kor lang tid det tek. Det sit mellom øyra.
Husbonden har ikkje gått til Sydpolen, men han var langrennsløpar i sin ungdom, og har vore ute i lange løp før. «Å drive gardsutvikling er som å gå langrenn,» seier han. «Det går fint i starten, du legg ut og har god tru på det. Men halvveges i løpet tek du til å slite, og lurer på om du kjem deg til mål. Då er det berre å fortsetje.» Den erfaringa kjem vel med. Han har utvikla ein slitar-skalle, og veit kva som skal til av tolmod og uthald for å nå mål han har sett seg. Det er verre med oss andre, som har vakse opp i ein bekvem heim, hatt det godt og vorte forskåna frå å måtte lære å gå i kjellaren og hente ut det siste av krefter og motivasjon.
I haust var vi til Roma og fekk litt perspektiv på sakene. Her er blogg-kladden som aldri vart fullført då kvardagen heime tok oss:
Vi har vore ute i verda ein tur, som bønder i den evige by, Roma. Vi har skifta side, og vore turistar etter alle kunstens reglar. Utstyrte med kart og guidebøker, euro og gode sko har vi snusa inn historie, brustein og atmosfære i trange smau og vide plassar. Med lydpropp i øyret og sendar i snor rundt halsen følgde vi ein guide som bar ein vimpel framfor oss gjennom folkemengda, på ein tre timar lang rundtur i Colosseum og det antikke Roma. Vi har fått vite korleis Nero, Vespasian og Titus – ved hjelp av nokre tusentals slavar – bygde imponerande monument i stein og marmor, og deretter begeistra folkemassane med underhaldning der dødsdømde vart rivne i bitar av ville dyr. Vi har gått i ruinane av tempel, basilikaer og enorme herskarvillaer, frå den tida då våre forfedre her nord knapt nok hadde kome seg ut av steinholene. Vi har stått på Petersplassen og beundra rekkja av marmorstatuer, og late oss fortelje om pavar og apostlar og helgenar i St. Peterskyrkja, der dei heng avbilda i marmor, mosaikk og gull på alle sider.
Vi har vore dels imponerte, dels hovudrystande over den stordom og prakt som har vore å sjå i den evige byen, mykje av den har stått der gjennom 2000 år eller der omkring. Korleis klarte dei å få til så mykje, på den tida, med dei ressursane dei hadde tilgjengelege (ja, utanom slavar, då)?
Etter ei veke i herlege varmegrader, i T-skjorte og fri for andre bekymringar enn gatenamn og togtabellar, vende vi heim til steinrøysa vi kom ifrå. Frå folketrengselen på toget til Roma og dei rundt 20.000 daglege besøkande i Colosseum, heim til det einbølte neset ved fjorden. Klare til å putle vidare i vår vesle verd, i utkantfylket Sogn og Fjordane. Heim til nyhende i lokalavisa om fylkeskommunale kutt og konsekvensane av statsbudsjettet. Heim til fjøsen og sauene og vedlikehaldsoppgåvene på målingsslitne trebygningar frå tidleg på 1900-talet.
Uttrykket «Rom vart ikkje bygd på ein dag» har fått ny betydning.
Det er rett nok ikkje Colosseum vi skal byggje, men for to små vestlendingar utan slavar kan oppgåva likevel kjennest kolossal, sjølv om det berre handlar om eit skarva vestlandsk småbruk.
Det burde ha vore krav om obligatoriske meistringskurs for alle som vurderte å ta over ein gard, med Børge Ousland som instruktør. På kursprogrammet burde det stå lange skiturar med innlagt refleksjon og tanketeknikkar, herding i telt og kuldegrader og komprimerte matrasjonar. Alternativt kunne det vere eit kompetansekrav om minimum 5 år idrettskarriere innan ein uthaldsidrett. Vanlege born av snille mødre, og med berre heilt vanlege søndagsturar på ski bak seg, burde ha vore kjent ikkje tenestedyktige og fått avslått sin søknad om konsesjon.
Ikkje misforstå. Livet som småbrukar er eit overflodshorn av gode ting og meiningsfylte gjeremål. Vi har fått alt vi drøymde om. Og det same livet er altså eit hamsterhjul der vi spring rundt og rundt i ein gjeremålskarusell som aldri stansar. Men så kokar det ned til dette, både for polfarar og småbrukarar: Du har valt det sjølv. Så det er berre å jobbe på, bli tøff nok i skallen, tenkje på å flytte føtene, rydde kvistane, verdsetje det som gjort og ikkje tenkje på kor langt det er igjen, kor mange greiner som ligg att, kor knapp tida er, kor kort livet er.
Og Rom vart heller ikkje bygd på ein dag.
«Det blir vel ei råd,» seier langrennshusbonden ofte, og legg dei store arbeidshendene sine trygt over mine. Velsigne han. Og neste innlegg skal heilt sikkert handle om lammefødslar, livets under, om våren, lauv som sprett og alt det vakre ein får oppleve som sauebonde og småbrukar ved fjorden. Eg lovar.