Vi er storbarnsforeldre i siste fase. I løpet av eit halvt år er siste avkom myndige og sette fri frå oppdragarlekkjene våre. No går dei her og riv i banda, tørstar etter fridomen, men er framleis i desperat trong for pengane våre. Dei ein gong så søte små vandrar rastlause i barndomsheimen, langlemma, testosteronfylte og klare for verda der ute. Leie av di irriterande omsorg, enno ikkje modne nok til å innerst inne vite at dei set pris på deg. Så kva gjer vi, for å overleve også denne fasen? Kva reiskapar har ei mor i verktøykassen når alle andre metodar har utspelt si rolle?
For det første: Gløym alt du har tenkt og lært før. Du er i bakvendtland no. Det som har vorte innarbeidd og lagra i ryggmargsrefleksen etter snart 30 år med foreldreskap, må no slettast frå den operative eininga: Vis ikkje openlys omsorg! Bry deg ikkje! La ingen få vite at du er interessert i sonen sitt liv og hans indre landskap og opplevingar. Det blir tatt i verste meining og oppfatta som eit utilbørleg overtramp.
Viss no poden sit ved kjøkenbordet og inntek kveldsmaten sin, og du kjenner ein moderleg trong til setje deg ned med han, setje blikket i han og spørje korleis han hadde det på festen, på skulen eller i livet sitt, gjer for all del ikkje det! I staden skal du ta mobilen i neven, slenge deg liksom tilfeldig ned medan du scrollar over uinteressante statusar om gullungar, hytteliv og skiturar. Medan du held blikket på skjermen, kan du komme med eit liksom heilt uinteressert spørsmål om korleis det går. Klarer du å verke likegyldig nok, kan det hende han kjem med noko som liknar eit svar: Greit. Bra. Ok, det. Er du heldig, og han framleis trur at du har skjermen som hovudfokus, kan det slenge ei utfyllande tilleggssetning som bonus.
For det andre: Set han i samvitsgjeld. Gløym alle oppdragingsprinsipp om gjensidige ytingar, det å få noko igjen, det å forvente jamnbyrdig åtferd eller vanleg høfleg framferd. Ver ikkje redd for å skjemme han bort, eller for at du gjer han til ein utakknemleg slask. Det løpet er kjørt. Har han ikkje blitt eit rimeleg godt menneske til no, er det for seint å prøve. Så no, på siste skanse, er det opphoping av gode gjerningar som gjeld: Du skal vere så snill og grei at han blir sett sjakk matt i rein samvitsgjeld. Svar ja på alle spørsmål du kan. Gje han pengar til buss og hårvoks og nye bukser utan å kny. Ver så snill at han ikkje får noko på deg.
Dette rådet er inspirert av ei teologi-utdanna gute-mor eg ein gong kjende. Ho henta inspirasjon frå Bibelen til si gjerning som mor og ungdomsleiar, og brukte eit uttrykk frå det gamle testamentet om «å samle glødande kol på hovuda deira». Det betydde å møte vondt med godt, å gje dei ei overveldande mengde gode gjerningar, så stor at dei segna under tyngda av urettmessig kjærleik og omsorg – til dei rett og slett gløda av ugjengjelda takksemd. Kan nokon motstå det? Så når alt anna har utspelt si rolle, når formaningar, irettesetjingar, moralpreiker eller henstillingar til erfaring og sunn fornuft ikkje tener til anna enn vasskvetting på gåsa og irriterte fnys, då er det tid for glødande kol. Kok kakao, hent bollar i frysen, gløym aldri å kjøpe chips på laurdag, køyr og hent når det trengst.
Og for det tredje: Når du innimellom kjenner vemodet snike seg innpå, fordi ditt livs periode med aktivt moderskap er i ferd med å ebbe ut, så finn for all del ikkje fram gamle bilde med lubne barne-armar og tannlause smil. Då skal du i staden gle deg til det du har i vente: Å kunne spele din eigen musikk utan at nokon kjem inn og himlar med auga eller skrur ned eller forlangar fred til å gjere lekser. Å kunne halde nivået i skittentøykorga under kontroll meir enn to dagar om gongen. Å kunne redusere påleggsbudsjettet til det halve. Å sleppe å andøge på kven som kjem heim når, eller om nokon plutseleg må hentast i svarte natta. Å lage kokt fisk til middag utan å generere ein straum av anklager om å øydelegge nokon sin frå før harde kvardag. Å sleppe å koordinere eit felles middagsmåltid i forhold til folk som legg seg, står opp eller lagar gedigne frukostar til alle døgnets tider.
Så hald ut, fridomen (og vemodet) ventar nok der framme, og etter 18 års-dagen har du absolutt ingenting du skulle ha sagt.
!