Kjære Arve Sandal, dette er eit ope brev til deg.
Du vil etablere Nynorsken hus i nynorskbyen Førde, og eg håpar du lukkast!
Det vil vere eit flott fyrtårn for nynorsken. Men då håpar eg også at det då blir ein noko strengare korrektur på kva som slepp inn der, og på kva som går ut derifrå, reint språkleg. Og det er dette eg håpar du kan hjelpe oss med.
I Firda i dag, 2. november, kan vi lese om 24 forslåtte kandidatar til fylkeskulturprisen. Skilnaden på å vere føreslegen/foreslått og forslått er i praksis ganske stor, og når desse stakkars kandidatane vert presenterte i ei overskrift på denne måten, misser vi heilt fokus på det flotte i at dei faktisk er føreslegne til ein pris. Sjølv om vi skjønar at her har nokon vore uheldig og mista ein e, set det leseopplevinga i eit heilt nytt, komisk og irriterande lys.
Det er diverre ikkje det einaste eksempelet. Det hender for ofte at tekstane i Firda inneheld umusikalske språkfeil, og det er eit mindretal av dei som kan bortforklarast som trykkfeil. Veit unge journalistar skilnad på «har høyrt» og «vert høyrd», «har køyrt» og «vert køyrd»? Veit dei at eit heilt grendelag – altså mange personar – ikkje vert glad, men glade når dei får gjennomslag for ein fartsdump eller ei fartsgrense?
Veit dei at ingen har eit born, men at ein har anten eit barn eller fleire born?
Det er dette eg håpar du kan hjelpe oss med, Arve Sandal. Slik eg forstår det er du eit klokt og målretta menneske, og dersom du klarer å få oppretta eit nynorskens hus, så er det vel også mogeleg å få gitt ei grundig(are) opplæring i nynorsk ordval og grammatikk til journalistane? Det bør nemleg forplikte å kalle seg nynorskby og Nynorskens hus. Då må den nynorsken som skal inn i huset vere representativ for det språket den skal målbere.
Språk er som musikk, eit sinnrikt system som heng nøye saman, og som kling vakkert i øyra. Når du sit på ein konsert, forventar du at musikarane har luka ut falske tonar og uharmoniske akkordar, elles ris lyttaren i hald på stolen og misser magien i konsertopplevinga. Hjelp oss å skrelle bort dei umusikalske orda og bøyingsformene i det nynorske språket, la oss lese Firda og halde fokus på det journalisten har tenkt å fortelje, ikkje på språkfeil som splintrar leseopplevinga. Så kan vi gle oss både over eit vakkert nynorsk språk og over Nynorskens hus, når det ein gong står ferdig.
Kanskje det til og med vert føreslege til fylkeskulturprisen ein gong?