Gjest nr. 1000?

Det er ein vakker augustkveld, og gjestene går nede på kaia, beundrar utsikta og stryk på katten. Det er ei indisk-amerikansk familie frå New Jersey, USA. Dei har sannsynlegvis aldri sett sine bein ved ein norsk fjord før, og ser ut til å suge inn inntrykka på sitt korte 2-dagers stopp, før dei fartar vidare i morgon.

Sesongen går mot slutten, ikkje fordi folk sluttar å komme, men fordi vi synest det får halde for i år, og snart set kroken på døra. Ei rask oppteljing viser at vi denne sesongen har hatt 89 ferierande gjester i dei to utleigehusa. Dersom vi reknar med 61 konfirmasjonsgjester, fordelt på to konfirmasjonar, og 5 arbeidarar som budde her i vår, kjem vi til totalt 155 personar som har vore innom i 2022.

Det er tiande året vi driv på, viss vi reknar med sesongen 2013. Då rakk vi ikkje å komme inn i utleigebyrå, men hengde opp eit stort «Rooms»-skilt og tok imot det som måtte slenge innom. Kor mange det var, har vi ikkje noko klart minne om, men vi hugsar det som heftig nok. 2014 var den første skikkelege sesongen, med utleigebyrå i ryggen og ting i ordna former. Det var framleis ei bra bratt læringskurve og mykje som skulle driftast, men det gjekk seg til med hus, båtar, språk, vasking, sengetøy, informasjon, mottak og avskjed, stadig nye folk og ansikt.

No, på tiande året, er spørsmålet: Har vi runda gjest nummer 1000? Dersom vi har halde eit snitt på 100 i året, noko som ikkje er heilt usannsynleg, skulle enkel matematikk tilseie at gjest nummer tusen har kome og gått denne sommaren. Kven kan det ha vore?
Var det nokon i den vesle familien i hytta, som kom tilbake etter 6 år? Dei hadde med seg dotter si, og då dei var her for første gong i 2016 var ho baby. Dei fortalde at dei hadde ønska seg tilbake til denne staden og hytta heile tida sidan, og var så glade for at dei no hadde fått det til, med 6-åringen. 

Eller var det nokon i den livsglade gjengen som levde livet her i nesten to veker? Ein gjeng unge vennefamiliar med hund og born, som fiska og køyrde båt, bada og spelte musikk, sprang nakne frå badstua til sjøen og stupte uti med høge gaul. Dei kunne verkeleg å nyte ferien sin i lange drag, trass kjølige regndagar. Dei gjekk så ofte opp og ned til sjøen at stien i graset nesten vart ein brun åker før dei reiste.  

Eller kanskje det blir nokon i den franske familien som kjem neste veke, som var her i 2015. No har dei endeleg fått bestilt hytte og båt for to veker og gler seg til å kunne komme tilbake etter koronaperioden. Ingen veit, og vi kjem heller ikkje til å få vite. Vi får nøye oss med å slå fast at vi har vore feriestad for rundt tusen personar frå Tyskland, Austerrike, Belgia, Sveits, Spania, Frankrike, England og USA. Det hadde vi ikkje trudd!

Eg hugsar første året, vi gjekk og synest det var så rart at det gjekk turistar her på bøen vår. Husbonden sa: «Kan du forstå kva dei vil her? Her??»
Etter kvart har vi forstått det meir og meir, kva dei ser med andre auge enn oss, kva som er vederkvegande sjelebot for bymenneske frå tett befolka land på kontinentet. Regn eller ikkje regn, 12 varmegrader, skodde eller vind, det er ikkje hovudsaka. Dei ser fjorden som ligg stor og vid, fjella, graset, svaberga og katten som går stolt og kjælen med halen til vers, som ein perfekt rekvisitt i idyllbildet. «Wir lieben Norwegen, und wir kommen gern zurück!» «We love it, the view and the house and everything!»

Vi får slå oss til ro med at vi har drifta eit betydeleg tal gjestedøgn gjennom ti år, med enkle midlar; to hus, to båtar, ein kasse med vaskeutstyr, eit skåp med sengetøy, forutan grillar, hagemøblar, redningsvestar, vedsekker, bossdunkar og alt det andre som det genererer av detaljar og gjeremål.

Vi spekulerer også litt på kva desse gjestene har lagt igjen av verdiauke i kommunen og distriktet rundt gjennom desse ti åra. Kor mykje har dei handla for på butikkane, kor mykje bensin har dei fylt på bensinstasjonane, kor mange kafèar, aktivitetstilbod og attraksjonar har dei besøkt? Kor mykje har dei fortalt sine slektningar og venner om Høyanger in West-Norwegen og der wunderschöne Ort am Sognefjord?
Kor mange bilde frå Høyangerbadet, Gaularfjellet, Balestrand og Sognefjorden har funne vegen til Instagram og Facebook via eit hus på eit nes mellom Vadheimsfjorden og Sognefjorden?

Vi får aldri vite det heller, men det gir ei god kjensle når sesongen går mot slutten og ein inst inne er litt lei av vaskeutstyrskassen og sengetøyhaugen ved vaskemaskina, av tyske ølboksar og å skrive tyske og engelske meldingar i Airbnb-appen. Vi veit at dei vil komme så lenge vi gidd å halde på, men akkurat no skal det bli heilt greitt å nyte haustkveldane på svaberget heilt åleine. Vi må berre ta imot eit par delegasjonar til først.

Om omdømmebygging og kunsten å snu steinar

Kommunane treng utvikling. Dei må snu alle steinar i leiting etter verkemiddel som kan gje betra omdømme og setje i gang positive effektar. Men kva om det finst steinar som ingen tenkte på å snu, fordi dei var for små, for sjølvsagde, for lite spennande? Kva om det finst ubrukte mogelegheiter, heilt gratis, og attpåtil…

Forslåtte kandidatar til Nynorskens hus?

Kjære Arve Sandal, dette er eit ope brev til deg. Du vil etablere Nynorsken hus i nynorskbyen Førde, og eg håpar du lukkast! Det vil vere eit flott fyrtårn for nynorsken. Men då håpar eg også at det då blir ein noko strengare korrektur på kva som slepp inn der, og på kva som går ut…

Skal vi ha korps på Kyrkjebø?

Korps er tungrodde greier. Dei færraste bryr seg om korps anna enn på 17. mai. Det er ompa-ompa og marsjar og eit tungt lydbilde fjernt frå hitlister og radiopop. Korps er for spesielt interesserte, på linje med sjakk-klubbar og hesteskokasting. Dessutan går tida frå småkorpsa. Samfunnsutviklinga tilseier store einingar, samanslåingar, sentralisering, rasjonalisering. Vi heng skikkeleg…

Om omdømmebygging og kunsten å snu steinar

Kommunane treng utvikling. Dei må snu alle steinar i leiting etter verkemiddel som kan gje betra omdømme og setje i gang positive effektar. Men kva om det finst steinar som ingen tenkte på å snu, fordi dei var for små, for sjølvsagde, for lite spennande? Kva om det finst ubrukte mogelegheiter, heilt gratis, og attpåtil med gledelege tilleggseffektar?

Kommunane treng folk. Arbeidskraft, sjukepleiarar, barnefamiliar, heimflyttarar. Men la oss sjå på, som ein start, kva kan dei oppnå berre med å ta betre vare på den arbeidskrafta dei allereie har?
Når det er knapt om ressursane, er det to tilnærmingsmåtar: Skaffe meir, eller utnytte det ein har på best mogeleg måte. Dette har folk i karrige kår alltid visst.

Kommuneleiarar likar eit framoverlent, moderne språk. Dei lagar fine slagord og set opp avanserte modellar. Dei likar ord som omdømmebygging, konseptutvikling, kompetanseheving, kommunikasjonsstrategi, kjerneverdiar.
La oss difor setje nokre høvelege omgrep på saka, og spørje: Kva slags internt omdømmepotensiale har ein gjennomsnittleg, liten vestlandskommune?

Altså: På kva felt har kommunen størst uutnytta ressursar for å skape seg eit godt rykte? Kven er den mest nærliggande målgruppa? Kva kommunikasjonsstrategi kan best eigne seg for å kommunisere ut kommunen sine kjerneverdiar? Korleis få bodskapen til å spreie seg? Og framfor alt: Korleis kan dette auke det samla bruttokommunalproduktet, dersom vi med det meiner summen av alle former for verdiskaping i kommunen?

La oss sjå på eit resonnement: Folk som allereie bur i kommunen er dei som best veit korleis det er å bu der. Dei vil fortelje om det til andre, og snakke om det seg imellom, som folk gjerne gjer.
Ein viktig faktor i folk sin livskvalitet er korleis dei har det på jobb. Jobben er også ein viktig sosial møtestad, der kollegaer snakkast og jungeltelegrafen går. Det dannar seg ei felles oppfatning om korleis arbeidsplassen fungerer og korleis folk har det der. Dette kan vi kalle det interne omdømmet.

Forholdsvis mange i ein liten kommune er tilsette i kommunen, og kommunen er ein tilsvarande stor arbeidsgjevar. Det betyr at mange av innbyggarane har førstehands erfaring med korleis kommunen handterer arbeidsgjevarrolla si. Kommunen har på si side ein direkte kanal ut til mange av innbyggjarane sine, der dei kan påverke korleis folk har det. Dei kommunetilsette er rett og slett kommunen si største og mest nærliggande målgruppe, dersom dei vil påverke korleis innbyggjarane opplever livet i kommunen. Korleis kan kommunen bruke dette til sin fordel?

Det er ei vedteken psykologifagleg sanning at alle menneske, uansett alder og situasjon, treng å bli sett, anerkjent og bekrefta. Det er ein viktig faktor for å vere tilfreds og i god balanse i livet.
Så, enkelt sagt: Dersom arbeidsgjevaren gjennom ein god, medviten og aktiv personalpolitikk sytte for at alle tilsette fekk ei god oppleving av å bli ivaretekne, verdsette og lytta til, ville det mest sannsynleg heve arbeids- og livskvaliteten til dei kommunetilsette. Dei ville truleg snakke om det i lunsjpausen og korridorane, og det ville påverke jobben dei skulle gjere. Sannsynlegvis ville dei også ta det med seg heim til familien.

Mange kommunetilsette arbeider innanfor helse-, omsorg- og oppvekstsektoren, og jobben deira er å gje av seg sjølv for å dekke andre menneske sine behov. Mange av dei er kvinner. I desse yrka er bygging av relasjonar ein viktig del av jobben. Kvinner er ofte gode på slikt. Dei veit kva som trengst for at elevane, pasientane eller brukarane skal ha det bra og utvikle seg.
Men dei veit også kva dei sjølve og andre treng for å ha det bra og leve gode liv. Dei har høg menneskekompetanse, utviklings- og livskvalitetskompetanse. Men er den rekna inn som ein ressurs i bruttokommunalproduktet? Blir det rekna som ein verdi i den store rekneskapen at kommunen sine arbeidstakarar opplever god livskvalitet i kommunen sin? Kva har det å seie for aktiviteten rundt lunsjborda, og for kva omdømme jungeltelegrafen spreier? Og korleis kan kommunen spele på denne kompetansen for å styrke sitt interne omdømme?

Kommunane treng til dømes sjukepleiarar og helsefagarbeidarar, og tek i bruk mange tiltak for å rekruttere. Men kva med dei unge kvinnene som gjorde det som kommunen ynskjer; dei som vart att i bygda, etablerte seg, produserte born, og kanskje tok arbeid på sjukeheimen? Når dei blir spurde av utflytta klassekameratar heime på juleferie: «Korleis har du det i livet?» så vil vel gjerne kommunen at dei skulle svare som levande reklameplakatar for livet i distrikta: «Eg har det godt! Eg har ein god jobbsituasjon der eg trivst og kan utvikle meg.»

Når mødre, som kanskje har jobba ein heil kvinnealder i skulen eller heimetenesta, får sine utflytta studentborn heim på ferie, vil det skine gjennom korleis mor opplever livet sitt, og om ho vil tilrå sine unge å flytte heim og starte eit tilsvarande liv. Det vil vere den sikraste peikepinnen ein ung student kan få for sjansane til å leve lukkeleg på denne staden.

Kva er det så som skal til? Ikkje så mykje, eigentleg. For berre tenk om nokon, tilstrekkeleg høgt oppe i dei kommunale kontora, ein dag bestemte seg og sa:
«Vi har lagt ein ny strategi. Frå i dag skal vi satse på ein aktiv, god personalpolitikk, og heve trivselen  mellom våre tilsette. Alle leiarar, på alle nivå, skal aktivt gå inn for å sjå, lytte, og snakke regelmessig med sine tilsette, og følgje med på korleis dei har det i arbeidskvardagen sin.
Det skal gjennomførast regelmessige medarbeidarsamtalar, og vi skal setje inn nok ressursar til at det blir mogeleg. Kvar arbeidstakar skal i størst mogeleg grad få brukt og utvikla ressursane og styrkane sine, og få kjensla av å bli verdsett for den jobben dei gjer. Iverksett nedover i systemet!»

Og kvifor ikkje, eigentleg? På kompetansearbeidsplassar i byane gjer dei det heile tida; satsar på å dekke dei tilsette sine behov for trivsel og eigenutvikling, for å skape seg eit konkurransefortrinn, tiltrekkje seg dei beste folka og halde på dei. Det brukar dei ressursar på, sjølv om kompetente søkjarar alltid står i kø på dørmatta deira.
Kvifor skulle ikkje kommunar med akutt mangel på fagfolk gjere det same?

Det ville vere så å seie gratis. Det ville ikkje vere trong for dyre foredragshaldarar, kostbare omorganiseringar, konsulentbyrå, utgreiingar eller rapportar. Berre sunt folkevett og medfødde, empatiske evner, litt ekstra fokus og nokre nye prioriteringar. Og gevinsten?
Ein arbeidsstyrke som fekk ei ny, indre ro, den gode kjensla av å verte teken vare på, kanskje til og med takksemd og styrka lojalitet til arbeidsplassen og leiarane sine. Truleg også meir pågangsmot og eit styrka vern mot utbrenning og sjukmeldingar.
Elevar, pasientar og brukarar ville truleg få meir engasjerte lærarar, pleiarar og miljøarbeidarar. Born og ektefeller rundt om i dei hundre heimar vil få ei meir tilfreds mor eller ein fornøgd far, og det ville høgst sannsynleg påverke stemninga rundt middagsbordet.

La oss, for å gjere reknestykket enkelt, seie at det var 100 tilsette i ein kommune (det reelle talet er mykje høgare). Dersom kvar av dei i sitt arbeid hadde med 20 elevar, pasientar eller brukarar å gjere, ville deira livskvalitet, energi og engasjement påverke 2000 personar. Tek vi med føresette og pårørande til elevar og pasientar, kunne vi i alle fall tredoble talet.
Dersom kvar av dei hundre hadde ei familie på 3 personar, ville 300 personar i det daglege kunne få påverka si oppleving av livskvalitet. Tek vi med storfamilien, kunne vi mangedoble talet.
Dersom 20 av dei 100 hadde 2 vaksne, utflytta born, ville 40 personar komme heim til jul, påske og sommar og få eit levande vitnesbyrd om at det gode livet i distriktet er mogeleg. Det reelle talet er sjølvsagt mykje høgare.
Dersom 10 av dei 100 i utgangspunktet tenkte på å skifte jobb, men vart verande fordi dei kjende seg så godt ivaretekne i sitt kjende miljø, ville kommunen spare 10 rundar med nyrekruttering av personell. Det reelle talet på tilsette som drøymer om ny jobb er mykje høgare, skal ein tru jungeltelegrafen.

Og kostnadane til marknadsføring og kommunikasjonskonsulentar ville vere null, fordi den same jungeltelegrafen ville gjere heile jobben: Folk ville snakke saman over kantinebord og venninnemiddagar, på familietreff og kollegasamlingar. Ordet om den gode personalpolitikken ville spreie seg, og snart bli ei vedteken sanning:
«Her er det godt å vere arbeidstakar!»

Betre omdømmebygging og konkurransefortrinn kan ikkje ein liten distriktskommune drøyme om. Og det totale bruttokommunalproduktet, medrekna ikkje-materielle verdiar, ville få ein merkbar vekst. Ei viktig målgruppe ville vere nådd, og denne kommunikasjonsstrategien ville signalisere kjerneverdiane ut på ein kostnadseffektiv måte.

Askeladden er ein helt i den norske folkesjela. Han fann uante ressursar som ingen andre såg, leitte i grøftekantar og snudde steinar ingen tenkte på. Kanskje Askeladd-faktoren kan verte ein del av kommunen sin nye verdiprofil? Her trur eg sanneleg vi nærmar oss ei real konseptutvikling.

Så då kan vi konkludere med at sjølv om det ikkje er kommunen sin jobb å bry seg om korleis folk har det i livet sitt, vil det altså vere eit strategisk lurt grep å gjere det, reint profesjonelt, fordi det ville vere til kommunen sin eigen fordel. Skal vi gjette på kva økonomisk innsparing som kan ligge i ein god personalpolitikk?

Og skulle det no, merkeleg nok, ikkje kaste av seg verken i form av betra omdømme, stabilitet i arbeidsstokken, lojalitet eller effektivitet på arbeidsplassen, rekruttering eller heimflytting, så ville det likevel ha den tilleggseffekten at mange av kommunen sine innbyggjarar ville få betre livskvalitet på den staden der dei, reint motstraums, har valt å setje livet sitt til. Det er vel noko i det også?

Forslåtte kandidatar til Nynorskens hus?

Kjære Arve Sandal, dette er eit ope brev til deg.

Du vil etablere Nynorsken hus i nynorskbyen Førde, og eg håpar du lukkast!
Det vil vere eit flott fyrtårn for nynorsken. Men då håpar eg også at det då blir ein noko strengare korrektur på kva som slepp inn der, og på kva som går ut derifrå, reint språkleg. Og det er dette eg håpar du kan hjelpe oss med.

I Firda i dag, 2. november, kan vi lese om 24 forslåtte kandidatar til fylkeskulturprisen. Skilnaden på å vere føreslegen/foreslått og forslått er i praksis ganske stor, og når desse stakkars kandidatane vert presenterte i ei overskrift på denne måten, misser vi heilt fokus på det flotte i at dei faktisk er føreslegne til ein pris. Sjølv om vi skjønar at her har nokon vore uheldig og mista ein e, set det leseopplevinga i eit heilt nytt, komisk og irriterande lys.

Det er diverre ikkje det einaste eksempelet. Det hender for ofte at tekstane i Firda inneheld umusikalske språkfeil, og det er eit mindretal av dei som kan bortforklarast som trykkfeil. Veit unge journalistar skilnad på «har høyrt» og «vert høyrd», «har køyrt» og «vert køyrd»? Veit dei at eit heilt grendelag – altså mange personar – ikkje vert glad, men glade når dei får gjennomslag for ein fartsdump eller ei fartsgrense?
Veit dei at ingen har eit born, men at ein har anten eit barn eller fleire born?

Det er dette eg håpar du kan hjelpe oss med, Arve Sandal. Slik eg forstår det er du eit klokt og målretta menneske, og dersom du klarer å få oppretta eit nynorskens hus, så er det vel også mogeleg å få gitt ei grundig(are) opplæring i nynorsk ordval og grammatikk til journalistane? Det bør nemleg forplikte å kalle seg nynorskby og Nynorskens hus. Då må den nynorsken som skal inn i huset vere representativ for det språket den skal målbere.

Språk er som musikk, eit sinnrikt system som heng nøye saman, og som kling vakkert i øyra. Når du sit på ein konsert, forventar du at musikarane har luka ut falske tonar og uharmoniske akkordar, elles ris lyttaren i hald på stolen og misser magien i konsertopplevinga. Hjelp oss å skrelle bort dei umusikalske orda og bøyingsformene i det nynorske språket, la oss lese Firda og halde fokus på det journalisten har tenkt å fortelje, ikkje på språkfeil som splintrar leseopplevinga. Så kan vi gle oss både over eit vakkert nynorsk språk og over Nynorskens hus, når det ein gong står ferdig.
Kanskje det til og med vert føreslege til fylkeskulturprisen ein gong?

Skal vi ha korps på Kyrkjebø?

Korps er tungrodde greier. Dei færraste bryr seg om korps anna enn på 17. mai.
Det er ompa-ompa og marsjar og eit tungt lydbilde fjernt frå hitlister og radiopop.
Korps er for spesielt interesserte, på linje med sjakk-klubbar og hesteskokasting.

Dessutan går tida frå småkorpsa. Samfunnsutviklinga tilseier store einingar, samanslåingar, sentralisering, rasjonalisering. Vi heng skikkeleg etter.
Hos oss er det 5 korps innanfor ein avstand på 2 mil, og alle slit med rekrutteringa. Er det meining i slikt?
Det er lenge sidan 70-og 80-talet, då bygdene krydde av ungar, fritidsaktivitetane var få, og eige korps, idrettslag og ungdomslag var ein sjølvsagd ting i kvar bygd. Treng kvar bygd sitt korps i våre dagar, i nokre tilfelle to? Ville ikkje tidsånda tilseie samanslåing og rasjonalisering, til eitt skulekorps og eitt vaksenkorps, lokalisert i kommunesenteret?
Så kunne dei kanskje få nok medlemer, og alle vart førnøgde?

Barnetalet går ned, medan inntekta, fritida og den individuelle fridomen er for oppadgåande. Tidskarusellen svingar fortare i familiane, meir skal inn på tidsplanen på kortare tid.
Dei borna som enno veks opp her lever sine liv i stor grad framfor skjermar med raske stimuli. Det tek for lang tid å lære seg å spele eit instrument, og å sitje to timar kvar veke og øve inn eit repertoar saman med andre.  Foreldra vegrar seg også, for det er andre ting som freistar meir enn å stå last og brast med korpset gjennom fleire år med kornettøving i huset, uniform, notar, kakelotteri, basarar, turar og konsertar.
Dessutan risikerer ein å bli spurd om å sitje i styret og bli involvert i ansvar, styre og stell. Det er tryggast å styre unna, og la dei spesielt interesserte ta seg av det.

Alle andre fritidsaktivitetar foregår i kommunesenteret. Ungane tek fint bussen til fotballtrening på kunstgrasbana eller handballtrening i hallen, det er 10 minutt reisetid.
Dei få korpsinteresserte borna kan vel like godt ta bussen frå Kyrkjebø til felles korpsøving i Høyanger, og treffe fleire likesinna attpå. Det ville vere effektivt og ressurssparande.

Så kvifor skal vi då framleis ha eit korps på Kyrkjebø?
På grunn av 17. mai, vil dei fleste seie.  For kva er ei 17. mai-feiring utan korps?
Så er det kjekt med julekonserten i kyrkja og eit nisseorkester til julegrantenninga ved butikken. Greitt nok. Men er det alt?
Er det grunn god nok til å halde eit korps gåande under marginale forhold? Og kor lenge?

Det er 5-6 vaksne damer som i realiteten utgjer Kyrkjebø skule- og ungdomskorps.
Dei stiller på øvingane og ber kvar si instrumentstemme, og syter for at det musikalsk heng so nokolunde ihop. Samstundes utgjer dei heile styret, og der er ingen andre til å dele på. Nokon har omsider fått avløysing etter 20 år i styret, men arvtakarane er ikkje lette å finne, og leiarvervet sit det langt inne å fylle på kvart årsmøte.

Førre år var det 3 spelande medlemer under 18 år i korpset, i tillegg til 4 aspirantar.
To av aspirantane er samstundes med på både drill og handball, og det er slett ikkje sikkert at dei kjem til å halde fram.
I løpet av dei siste få åra har eit par handfuller unge musikantar slutta i 11-12 års-alderen, når dei akkurat er begynt å bli dyktige nok på instrumentet sitt til å kunne bidra i korpset. Grunnen er konkurranse med handball og fotball eller påtrykket frå hormonar, pubertet, låg status i ungdomsmiljøet og manglande tolmod til øving. Barnetalet i skulen tilseier at tilsiget av nye aspirantar er minimalt.

Så i tillegg til dei 5-6 damene og dei 3 ungdommane er speleoppdraga til korpset baserte på mobilisering.  Det korpset du ser i uniform på 17. mai er alltid minst dobbelt så stort som den gjengen som reelt sett utgjer korpset og fyller stolane på øving gjennom året.
Plassane vert fylte opp gjennom innhenting av tidlegare medlemer, utflytta ungdomar og støttespelarar som stiller opp, får notar og hoppar inn på kort varsel og bergar både julekonserten og marsjeringa på 17. mai. Og årets flotte Beatles-konsert hadde ikkje vore mogeleg utan mobilisering av musikantar frå nabobygdene Vadheim og Høyanger for å fylle hola i instrumentstemmene.

Men er det meining i å halde på slik, og basere drifta av eit korps på kunstig andredrett?
Er hensynet til 17. mai-toget, julekonserten og nisseorkesteret nok til å halde på slik fleire år til? Kor lenge kan 5-6 damer drive dette maskineriet, og vere kjerringane mot straumen? Og kor lenge har vi i det heile ungar som blir med?

Skal det vere meining i, må det handle om meir enn 17. mai. Det må handle om bygda.

Så lenge ein trur på identiteten til bygda, at det er eit poeng å vere ei eiga bygd, kan det ha noko for seg: Viss ein trur borna bør ha fritidsaktivitetar i si eiga bygd, og ikkje berre i kommunesenteret. Viss ein trur på verdien i det nære, der ein kjenner folk og veks på fellesskapen og samhaldet for å få noko til. Viss ein trur på at vi framleis treng å høyre til i ein liten, lokal samanheng, og ikkje berre i kommunesenteret, sjølv om det er berre 10 minutt på bussen, då kan det ha noko for seg.

Då kan vi til og med tru at det kan ha noko å seie for ungdomane, når dei veks opp og skal vurdere å komme heim att til bygda si, det å ha nokre levande, gode minne å bere med seg vidare. At det vil ha noko å seie for dei å kjenne på at dei faktisk gjorde ein innsats for bygda, gjennom å lære seg å bli speledyktig på eit instrument, påføre seg den stive uniformen og dra sambygdingane gjennom 17. mai-toget år etter år, då kan det vere den motivasjonen som trengst. Viss vi trur at den langsame læringa, det møysommelege øvingsarbeidet, fellesskapen i å sitje saman og jobbe seg gjennom ei felles musisering og høyre at det fungerer, faktisk får noko å seie for unge sjeler som treng å ruste seg for utfordringane i livet, så vil det vere verd det.

«Det trengst ein heil landsby for å oppdra eit barn», seier eit ordtak.
Det trengst også ei heil bygd for å drive eit korps. Det må vere eit fellesprosjekt, det må vere fleire som trur og  som vil halde maskineriet i drift.
«Så kva kan eg gjere?» seier du kanskje.

Dersom du har med born å gjere, kan du framfor alt stimulere dei til å lære seg å spele eit instrument. Det trengst skule, foreldre, besteforeldre og støttespelarar som snakkar opp korpset, som veit kva det er verd og som seier det høgt i borns påhøyr.
Som let borna vere med, som legg til rette for øving, som motiverer, oppmuntrar, hjelper dei å halde ut når det buttar mot, som engasjerer seg og viser si støtte.
For samstundes som barnet ditt lærer seg å spele eit instrument, lærer det seg uthald, tolmod, ansvar og evna til å tenkje på seg sjølv som del av ein fellesskap. Det kjem eit kvart barn av vår tid til å ha nytte av når det skal vekse opp og leve livet sitt i vår urolege, raske, rastlause verd.

Dersom du ikkje har born, men noko tid og engasjement til overs, kan du melde deg til praktisk støtte for korpset. Det trengst kakebakarar fleire gonger i året, og det trengst fleire hender i arbeid kvar gong det skal arrangerast basar, konsertar og turar.
Det trengst engasjerte sjeler som kan tenkje seg å sitje i styret, som kan ta imot post, stille på møte, halde orden på økonomien, planlegge og halde det formelle på skinnene.
For dersom nokon andre kunne ta seg av praktiske og økonomiske gjeremål, kunne musikantane bli avlasta og få lov til å vere musikantar, og dyrke gleda over det. Motivasjonen ville auke, gleda over å dele børa med fleire og sleppe å kjenne på at ein står åleine under eit tungt ansvar kunne gjere at dei heldt stand nokre år ekstra.

Og du kunne faktisk lære deg å spele sjølv. Er du ein av dei mange vaksne som har gått gjennom livet og trega på at du aldri lærde å spele eit instrument, så kan du gjere alvor av det!
I motsetning til i idretten vert du aldri for gamal til å starte. Akkurat no har vi ei godt vaksen dame som har teke utfordringa, og er i gang med å trene opp leppemusklar og notelesingsevner med friskt mot. Det er plass til fleire, og instrumenta ligg klare.

Har du spelt før, kan du friske opp gamle kunster og få ein ny vår som musikant.
Du får trena opp igjen pust og magemusklar, og du får kjenne på gleda over å meistre det som du ein gong kunne. Er du attpåtil mann, kan du bidra til kjønnsbalanse og mannlege rollemodellar i miljøet. Har du eigne barneborn ville det vere gull for dei å bli musikantar saman med bestefar. For vårt korps er både skule- og vaksenkorps i eitt, og foreldre, born og besteforeldre kan vere med saman, og gjere fritidsaktivitet til eit felles famlilieprosjekt.

Er det ikkje noko av dette som passar, kan du gjere ein viktig jobb med å oppmuntre korpset. Tenkje gjennom kva verdi korpset har i bygda, og snakke høgt om det. Treffer du nokon av dei 5-6 damene på butikken, kan ein jo spørje korleis det går, og vise at du tenkjer på dei også utanom 17.mai. Og treffer du nokon som vil halde ungane sine unna dugnad og falske kornett-tonar, så har du sjansen til å ta til motmæle og vinkle saka frå litt andre sider.

Så kanskje vi klarer å flyte mot sentraliseringsstraumen ei stund til. Kanskje tek det nokre fleire år før alle born tek bussen til Høyanger på fritida, før bygda berre er ein butikk og ein sovelandsby og leiger inn korps frå kommunesenteret på 17. mai.

 

 

Brev frå feriekolonien

gråver

«Eg forstår ikkje kva dei kjem for! Kva er det dei vil her?» Husbonden sit vêrsjuk i sofaen,  regnet trommar på ruta på tredje veka og skodda heng tjukk utover fjorden. «Det skulle ha vore ei åtvaring på nettsida! Alle desse bilda med sol og blå himmel er jo reinspikka lureri.»

Men turistane kjem, regn eller ikkje. Bookinglista på kjøleskåpdøra viser stort sett proppfulle veker sidan tidleg i mai, og bestillingane for neste år renn allereie inn frå utleigebyrået i Tyskland. Og gjestene strøymer på, kjem og reiser, flyttar inn og flyttar ut, stadig nye namn og ansikt, av alle typar og konstellasjonar. Barnefamiliar, fiskargjengar, bleieborn og bestemødre. Nokre vil berre fiske, andre reiser rundt til Flåm og Gudvangen, brear og attraksjonar. Nokre vil ha turkart og gå på fjelltur, andre vil sitje i solstolen og røykje. Nokre vil gjere ingenting, og berre ta inn roa og den langsame tida. Vi tek imot og sjekkar ut, og etter kvart flyt dei forbi i ei litt ubestemmeleg masse, vi hugsar ikkje lenger kven det var som  var her for to veker sidan, eller kva slags ansikt som høyrde til kva slags namn på lista.

Det er tredje året no, og vi er komne opp i flyt-fasen. Mottak, straumavlesing, båtinstruksjonar, inn- og utbetaling av depositum, forklaringar om boss-sortering og turløyper går på løpande band. Språket glir lettare, dei nødvendige orda og frasane er stort sett innarbeidde, og ein treng ikkje tenkje ut dei tyske setningane på førehand lenger. Utsjekk-samtaler og båtinstruksjonar går føre seg med avbalansert kvilepuls, og kvitteringsblokker, båtkontraktar og vekslepengar har funne sitt system. Vi er inne i kursen for Euro, retningsnummer for Tyskland og Nederland, og får ikkje lenger sveittebrot når telefonen ringjer og displayet viser tyske nummer med +49 og ei uhorveleg rekkje med tal.

Vi er i profesjonaliseringsfasen, og må lage system på ting. Alt må ha faste plassar, gjeremåla må ha faste rutiner. Bosset skal handterast. Plenar må slåast. Vaskeutstyret må vere i orden, det må vere nok grønsåpe, Jif, mikrofiberklutar og moppar. Det må fyllast på reine kjøkenhandkle, oppvaskklutar, vaskeutstyr, oppvaskmaskintablettar, søppelposar og dopapir i alle hus. Brikker og smådukar må skiftast, det må finnast nye som er reine og strokne.  Og systema bør vere oversiktlege for uinnvigde og vikarar. Dei to unge vaskejentene skal lærast opp i gode rutinar og bli mest mogeleg sjølvgåande. Dei vaksne sønene skal kunne komme heim og ta over butikken ei veke eller to utan å måtte ringe oss opp med eit utal bagatell-telefonar.

Båtane har heldigvis gått fint i år, det har ikkje vore verken startvanskar eller havari. Vi har unngått slike scener som i fjor, då sønene måtte kaste seg i veslebåten og slepe i land to unge franskmenn med motorstopp.
Etter den sesongen bestemte vi oss for å sleppe å gå lenger med hjartet i halsen, og investerte i ein båt til. Så no har vi ein i reserve, og kan ha sjelefred på det området, i det minste.

Det er ein del detaljar. Andøgslaust er det ikkje, det dukkar stadig opp små og større utfordringar som må løysast. Laurdagane er relativt heftige, med vasking og klargjering av alt frå sengar og toalett til bosspann og plenslått før neste delegasjon av gjester skal komme. Og når folk rundt oss spør, er det berre å vere ærleg: Ja, det er ein del arbeid.

For folk er visst litt bekymra på våre vegne, og spørsmåla er dei same heile tida; om det er mykje arbeid, om vi må vaske mykje, om vi får reist på ferie nokon gong. Så når vi no kjem tilbake på jobb er det berre å stålsetje seg, når dei mange kollegaene etter tur set eit lett medlidande blikk i deg over lunsjbordet, og årets reiseopplevingar skal oppsummerast. Nett heimkomne frå Kreta og Korfu, Berlin og Barcelona, tykkjer dei nok litt synd i deg som so og seie berre har gått på heimebøen i regnveret gjennom den lange lærarferien. Ein festival, eit par småturar innomlands og nokre dagar på støylen for å fyre i omnen og høyre bekken bruse tel liksom ikkje i den store ferierekneskapen. Så heilt sosialt akseptabelt er det nok ikkje å vere turistvert i staden for turist, men nokon må vere det òg, skal vi få aktivitet på garden og i distriktet.

Turistane er i alle fall overraskande blide og fornøgde, trass regnvêret, vi møter mange hyggeleg folk og får mange kjekke tilbakemeldingar. Sist laurdag låg det ei overrasking på bordet då vi kom og skulle vaske hytta. Inni plasten på konfektøskja hadde dei stukke små norske flagg og ein handskriven lapp med tydeleg bodskap:

Merci

«Dear Sonja, dear Jens Ole!
We are very pleased about finding this wonderful place. Thank you for being here.  It’s very lovely and peaceful. A fantastic week for us.
Yours, Familie Heumann»

Denne løfta regnvershelga eit hakk, og den gode kjensla av å bidra til gode opplevingar for nokon er ei god løn for arbeidet. Men husbonden er framleis vêrsjuk, og har teke til å drøyme om dagar i opphaldsvêr og t-skjorte nede i Europa. Så det er vel på tide å planlegge haustferien.

 

 

Rom vart ikkje bygd på ein dag

«Det er ikke vanskelig å gå til Sydpolen. Det er bare å sette den ene foten foran den andre. Gjør du det lenge nok, kommer du frem,» skal polfarar Børge Ousland ha sagt.

Av og til kjennest det som om vi har lagt ut på ein tur til Sydpolen. Det er uendeleg langt fram, og du ser ikkje enden på det. Det er særleg om våren at denne kjensla oppstår, på denne tida, rett etter påske. Gjeremålslista er for så vidt rikeleg lang heile året, men no er vi på eit svimlande toppnivå. Nokre få, utvalde døme frå årets meny:

DSC_1713I denne låven, der det før var silo og høystål, skal det støypast nytt golv for å bli utviding av sauefjøsen. Ei langt enklare og billigare løysing enn å byggje nytt. Prosjektet er forseinka på grunn av ein overbelasta entreprenør, og blir ikkje ferdig til lamminga slik planen var.

 

DSC_1709Denne flytebryggja skal reparerast etter vinterstormen sine herjingar, saman med steinkaia som vi ser i bakgrunnen. Men først må vi land og strand rundt for å få tak i eit nytt flyte-element som kan skøytast saman med det som vart øydelagt. Så skal det komme ein kar med gravemaskin og legge på plass steinblokkene som har rasa ut. Dette anlegget trudde vi var ferdig i fjor, men no må det fiksast på nytt, før turistsesongen startar.

DSC_1719

Denne vasskjelda skal gravast opp for å legge ned nye sementringar. Det er siste utveg etter at mildare verkemiddel har vore prøvde i mange omgangar. Her har det vore rota i gjørme, grave opp, reinska ut og støypt igjen. Men vatnet er framleis brunfarga i periodar, og slik kan vi ikkje ha det når turistar og andre gjester kjem. Så no ventar ein stor-operasjon med gravemaskin, i håp om å løyse problemet ein gong for alle.

Så har vi sjølvsagt den forsømde marka på Klævoldsneset, som har vore ein verkebyll i årevis, eit dyrkingsprosjekt som kvart bidige år har rykka ned under den kritiske streken på prioriteringslista. I år skulle og måtte det bli, men det ser førebels mørkt ut.
For lamminga nærmar seg, og sidan den ovannemnde utvidinga ikkje blir ferdig i tide, er det i gang med provisoriske fødebingar i krikar og krokar, for å ta unna pågangen av lammesjuke mødre. Og våronna må gjerast, med gjødsling og breiing av fjorgamal møk som ligg i dungar på bøen. Hagen skal fiksast, frukttrea skal klippast for eit tusental renningar, busker skal beskjærast, og greiner og kvistar i hopetal skal ryddast. Utleigehusa må vaskast, båtar må køyrast fram og setjast på sjøen, og vi kryssar fingrar for at kaia og flytebrygga kjem i orden til dei første turistane kjem 11. mai.

Den viktigaste eigenskapen for å kunne drive med gardsbruk er evna til å takle alt du ikkje rekk over. Praktiske evner og handtering av dyr og maskiner er nødvendig nok, men alt fell til marka utan at du har kontroll på skallen. For det tek aldri slutt, og du får aldri kontroll. Uovervunne gjeremål grin mot deg over alt, og du må puste med magen og late som ingenting. Og bak kvar ting som skal gjerast ligg det eit uhorveleg vell av del-oppgåver og detaljar. Nei, Børge Ousland, det er ikkje vanskeleg, det meste av det. Det som er vanskeleg, er å la vere å tenkje på kor mykje som er att, og kor lang tid det tek. Det sit mellom øyra.

Husbonden har ikkje gått til Sydpolen, men han var langrennsløpar i sin ungdom, og har vore ute i lange løp før. «Å drive gardsutvikling er som å gå langrenn,» seier han. «Det går fint i starten, du legg ut og har god tru på det. Men halvveges i løpet tek du til å slite, og lurer på om du kjem deg til mål. Då er det berre å fortsetje.» Den erfaringa kjem vel med. Han har utvikla ein slitar-skalle, og veit kva som skal til av tolmod og uthald for å nå mål han har sett seg. Det er verre med oss andre, som har vakse opp i ein bekvem heim, hatt det godt og vorte forskåna frå å måtte lære å gå i kjellaren og hente ut det siste av krefter og motivasjon.

I haust var vi til Roma og fekk litt perspektiv på sakene. Her er blogg-kladden som aldri vart fullført då kvardagen heime tok oss:
Vi har vore ute i verda ein tur, som bønder i den evige by, Roma. Vi har skifta side, og vore turistar etter alle kunstens reglar. Utstyrte med kart og guidebøker, euro og gode sko har vi snusa inn historie, brustein og atmosfære i trange smau og vide plassar. Med lydpropp i øyret og sendar i snor rundt halsen følgde vi ein guide som bar ein vimpel framfor oss gjennom folkemengda, på ein tre timar lang rundtur i Colosseum og det antikke Roma. Vi har fått vite korleis Nero, Vespasian og Titus – ved hjelp av nokre tusentals slavar – bygde imponerande monument i stein og marmor, og deretter begeistra folkemassane med underhaldning der dødsdømde vart rivne i bitar av ville dyr. Vi har gått i ruinane av tempel, basilikaer og enorme herskarvillaer, frå den tida då våre forfedre her nord knapt nok hadde kome seg ut av steinholene. Vi har stått på Petersplassen og beundra rekkja av marmorstatuer, og late oss fortelje om pavar og apostlar og helgenar i St. Peterskyrkja, der dei heng avbilda i marmor, mosaikk og gull på alle sider.

Vi har vore dels imponerte, dels hovudrystande over den stordom og prakt som har vore å sjå i den evige byen, mykje av den har stått der gjennom 2000 år eller der omkring. Korleis klarte dei å få til så mykje, på den tida, med dei ressursane dei hadde tilgjengelege (ja, utanom slavar, då)?

DSC_1357

Etter ei veke i herlege varmegrader, i T-skjorte og fri for andre bekymringar enn gatenamn og togtabellar, vende vi heim til steinrøysa vi kom ifrå. Frå folketrengselen på toget til Roma og dei rundt 20.000 daglege besøkande i Colosseum, heim til det einbølte neset ved fjorden. Klare til å putle vidare i vår vesle verd,  i utkantfylket Sogn og Fjordane. Heim til nyhende i lokalavisa om fylkeskommunale kutt og konsekvensane av statsbudsjettet. Heim til fjøsen og sauene og vedlikehaldsoppgåvene på målingsslitne trebygningar frå tidleg på 1900-talet.
Uttrykket «Rom vart ikkje bygd på ein dag» har fått ny betydning.

Det er rett nok ikkje Colosseum vi skal byggje, men for to små vestlendingar utan slavar kan oppgåva likevel kjennest kolossal, sjølv om det berre handlar om eit skarva vestlandsk småbruk.

Det burde ha vore krav om obligatoriske meistringskurs for alle som vurderte å ta over ein gard, med Børge Ousland som instruktør. På kursprogrammet burde det stå lange skiturar med innlagt refleksjon og tanketeknikkar, herding i telt og kuldegrader og komprimerte matrasjonar. Alternativt kunne det vere eit kompetansekrav om minimum 5 år idrettskarriere innan ein uthaldsidrett. Vanlege born av snille mødre, og med berre heilt vanlege søndagsturar på ski bak seg, burde ha vore kjent ikkje tenestedyktige og fått avslått sin søknad om konsesjon.

Ikkje misforstå. Livet som småbrukar er eit overflodshorn av gode ting og meiningsfylte gjeremål. Vi har fått alt vi drøymde om. Og det same livet er altså eit hamsterhjul der vi spring rundt og rundt i ein gjeremålskarusell som aldri stansar.  Men så kokar det ned til dette, både for polfarar og småbrukarar: Du har valt det sjølv.  Så det er berre å jobbe på, bli tøff nok i skallen, tenkje på å flytte føtene, rydde kvistane, verdsetje det som gjort og ikkje tenkje på kor langt det er igjen, kor mange greiner som ligg att, kor knapp tida er, kor kort livet er.
Og Rom vart heller ikkje bygd på ein dag.

«Det blir vel ei råd,» seier langrennshusbonden ofte, og legg dei store arbeidshendene sine trygt over mine. Velsigne han. Og neste innlegg skal heilt sikkert handle om lammefødslar, livets under, om våren, lauv som sprett og alt det vakre ein får oppleve som sauebonde og småbrukar ved fjorden. Eg lovar.

DSC_1682

 

 

 

 

 

 

 

 

Foreldretips i siste fase

Vi er storbarnsforeldre i siste fase. I løpet av eit halvt år er siste avkom myndige og sette fri frå oppdragarlekkjene våre. No går dei her og riv i banda, tørstar etter fridomen, men er framleis i desperat trong for pengane våre.  Dei ein gong så søte små vandrar rastlause i barndomsheimen, langlemma, testosteronfylte og klare for verda der ute. Leie av di irriterande omsorg, enno ikkje modne nok til å innerst inne vite at dei set pris på deg. Så kva gjer vi, for å overleve også denne fasen? Kva reiskapar har ei mor i verktøykassen når alle andre metodar har utspelt si rolle?

For det første: Gløym alt du har tenkt og lært før. Du er i bakvendtland no. Det som har vorte innarbeidd og lagra i ryggmargsrefleksen etter snart 30 år med foreldreskap, må no slettast frå den operative eininga: Vis ikkje openlys omsorg! Bry deg ikkje! La ingen få vite at du er interessert i sonen sitt liv og hans indre landskap og opplevingar. Det blir tatt i verste meining og oppfatta som eit utilbørleg overtramp.

Viss no poden sit ved kjøkenbordet og inntek kveldsmaten sin, og du kjenner ein moderleg trong til setje deg ned med han, setje blikket i han og spørje korleis han hadde det på festen, på skulen eller i livet sitt, gjer for all del ikkje det! I staden skal du ta mobilen i neven, slenge deg liksom tilfeldig ned medan du scrollar over uinteressante statusar om gullungar, hytteliv og skiturar. Medan du held blikket på skjermen, kan du komme med eit liksom heilt uinteressert spørsmål om korleis det går. Klarer du å verke likegyldig nok, kan det hende han kjem med noko som liknar eit svar: Greit. Bra. Ok, det. Er du heldig, og han framleis trur at du har skjermen som hovudfokus, kan det slenge ei utfyllande tilleggssetning som bonus.

For det andre: Set han i samvitsgjeld. Gløym alle oppdragingsprinsipp om gjensidige ytingar, det å få noko igjen, det å forvente jamnbyrdig åtferd eller vanleg høfleg framferd. Ver ikkje redd for å skjemme han bort, eller for at du gjer han til ein utakknemleg slask. Det løpet er kjørt. Har han ikkje blitt eit rimeleg godt menneske til no, er det for seint å prøve. Så no, på siste skanse, er det opphoping av gode gjerningar som gjeld: Du skal vere så snill og grei at han blir sett sjakk matt i rein samvitsgjeld. Svar ja på alle spørsmål du kan. Gje han pengar til buss og hårvoks og nye bukser utan å kny. Ver så snill at han ikkje får noko på deg.

Dette rådet er inspirert av ei teologi-utdanna gute-mor eg ein gong kjende. Ho henta inspirasjon frå Bibelen til si gjerning som mor og ungdomsleiar, og brukte eit uttrykk frå det gamle testamentet om «å samle glødande kol på hovuda deira». Det betydde å møte vondt med godt, å gje dei ei overveldande mengde gode gjerningar, så stor at dei segna under tyngda av urettmessig kjærleik og omsorg – til dei rett og slett gløda av ugjengjelda takksemd. Kan nokon motstå det? Så når alt anna har utspelt si rolle, når formaningar, irettesetjingar, moralpreiker eller henstillingar til erfaring og sunn fornuft ikkje tener til anna enn vasskvetting på gåsa og irriterte fnys, då er det tid for glødande kol. Kok kakao, hent bollar i frysen, gløym aldri å kjøpe chips på laurdag, køyr og hent når det trengst.

Og for det tredje: Når du innimellom kjenner vemodet snike seg innpå, fordi ditt livs periode med aktivt moderskap er i ferd med å ebbe ut, så finn for all del ikkje fram gamle bilde med lubne barne-armar og tannlause smil. Då skal du i staden gle deg til det du har i vente: Å kunne spele din eigen musikk utan at nokon kjem inn og himlar med auga eller skrur ned eller forlangar fred til å gjere lekser. Å kunne halde nivået i skittentøykorga under kontroll meir enn to dagar om gongen. Å kunne redusere påleggsbudsjettet til det halve. Å sleppe å andøge på kven som kjem heim når, eller om nokon plutseleg må hentast i svarte natta. Å lage kokt fisk til middag utan å generere ein straum av anklager om å øydelegge nokon sin frå før harde kvardag. Å sleppe å koordinere eit felles middagsmåltid i forhold til folk som legg seg, står opp eller lagar gedigne frukostar til alle døgnets tider.

Så hald ut, fridomen (og vemodet) ventar nok der framme, og etter 18 års-dagen har du absolutt ingenting du skulle ha sagt.
! Image

Kvinnfolksyslar

DSC_1471

«Eg går ut og byggjer landet,» seier husbonden, og tek på seg kjeledressen. Han skal ordne med bygging av skogsveg, rydding av skog, utbetring av fjøs, tøming av møkakjellar, forbetring av drikkevasskjelde, og lista kunne halde fram med ein lang meny med handlekraftige, nødvendige og utviklande tiltak. Slik er det med mannfolk, det er ikkje noko knussel. Dei trekkjer i kjeldedress, startar traktoren og gjer nyttige ting.

Kjerringa skal derimot lage julebutikk. I kompaniskap med kreative damer i bygda skal det seljast handlaga bilete laga med akvarell, trykk og symaskin. Det blir vin-nissar med pappvin-pose i magen, strikka huer, labbar, babysokkar og skjerf, tova puter og sitjeunderlag, kort og norgesglas-stearinlyslykter. Og det blir kaffi og kaker og småbord med tante Norunn sine gamle, broderte dukar.  Dei siste månadane har det vore jamn planleggingsaktivitet, og denne helga skulle alt på plass på veggar og bord. Det har vore ei putling og dandering utan like.

Kvinnfolksyslar er ofte kjenneteikna av at dei er lite innbringande, baserte på pynt og kos og utan rasjonell grunngjeving. «Idealistiske tapsprosjekt», er husbonden sin dom, kvar gong kjerringa har lese med begeistring om ei ny medsøster som driv med urtedyrking, toving, gardskafè, ysteri eller andre arbeidskrevjande og lite innbringande aktivitetar inne i ein dal, oppe på ei fjellhylle eller ytst på ei øy. Nyleg kom det ei ny gründarkvinnesak heilt etter vårt hjarte, til og med frå barndomsbygda Jølster: Ei gardakjerring som har starta eige bakeri i ein gammal steinkjellar, med stor bakaromn og alt som høyrer til. Her skal ho starte utsal av eigne bakarvarer, etter å ha sagt opp ein sikker jobb.
http://www.firda.no/nyheiter/naringsliv/jolster/lagar-sitt-eige-levebrod/s/5-15-130006

På midtsidene i Bondebladet kan ein ofte lese reportasjar med fargebilete om bondekjerringar som har starta gardsbutikk, overnattingsplassar på stabburet eller sal av pyntegrønt frå eigen skog. Bileta viser gjerne vakre rom mellom gamle trevegger, der kona serverer trygge smil og kaffi i koselege koppar. Bak fasaden er det mest sannsynleg ei utsliten kvinne som arbeider døgnet rundt, har dårleg samvit for husarbeid, mann og barn og får minimalt med overskot i form av pengar. Men på ikkje-glansa papir i Bondebladet, innimellom seriøse artiklar om avdrått på sau og kornprisar, må vi jo tru at det har noko for seg.

Så når vi no kastar oss på adventskos-trenden, med julebutikk og førjulskonsert i stova, er det nok som eit resultat av overdriven lesing av Bondebladet og andre idylliserte utgåver av kvinneverksemder på bygdene. Det blir heilt sikkert mykje arbeid, ein del kos, og lite økonomisk gevinst. Rekneskapsføraren klarte ikkje å skjule sin skepsis då konseptet vart presentert, og det med god grunn; her kjem vi ikkje til å rekne timebetaling.

Det starta ein dag på skulen. Kollegaen i Kunst-og handverkfaget er ei dyktig dame som lagar flotte bilde heime på loftet, og vi kom i snakk i ei ledig stund mellom undervisningstimar og kopiering. Ho skulle ynskje at ho kunne gjort meir ut av det, men det er no rart med det, dagane fyk av garde, med jobb og ungar og plikter og runddansen mellom kleshaugar og oppvaskmaskin. Det hadde vore fint å hatt ein anledning å jobbe fram mot, hatt litt press på seg og få gjort alvor av å jobbe meir med det, sa ho. Så då var vegen kort til å kaste fram forslaget om julebutikk, som hadde lege der som ein stearinlysgyllen draum ei stund. Det balla fort på seg, med fleire flinke damer som kunne tenkje seg å vere med og produsere bilde og anna.

Så vart apparatet sett i gang, informasjonsbrev sende ut, plakatar laga, Facebook-arrangement oppretta. Så går det som det alltid gjer når ein prøvar seg på noko nytt: Dei bange tankane dukkar opp, små svarte troll som sit plagsame på skuldra di og spør korleis i all verda dette skal gå i praksis. Blir det nok varer? Kjem det til å komme folk? Blir det selt noko? Blir det så stearinlys-koseleg og triveleg som det bør vere for å lokke folk innanfor? Blir det eit pes av prisar og pengar og lister og mangel på tape og innpakningspapir?  Og kva er vitsen? Har du ikkje nok å gjere? Kva har du igjen for å sose vekk førjulstida på ulønsamt fjas, er det ikkje travelt nok frå før? Bør du ikkje konsentrere deg om å feie for di eiga dør, bokstaveleg talt, og få skikk på huset og familien og julefeiringa? Slik surrar dei små, svarte tanketrolla. Og der ute i den haustmørke bygda ligg Bygdedyret på lur og slår lett ned på dei som finn på rare ting og set i gang med noko nytt og uvant. Nei, kanskje burde ein ikkje ha teke seg i ferde med slikt.

Men ein grunn må det vel vere til at damer rundt i heile distriktsnoreg går i den same fella, og set i gang med allverdas merkelege tiltak? Kvifor lever kvinnfolksyslane sitt eige, irrasjonelle liv? Kan vi snakke om ein eigen kos-økonomi, aktivitetar som kastar av seg i annan valuta enn norske kroner? Tilboda som poppar opp i alskens julebutikkar i adventstida er kanskje ikkje først og fremst eit tilbod om handel, men om sjelebot og trøyst i vår moderne kvardag. Vi ynskjer oss inn i ei verd av gamal nostalgi, handlaga ting, noko som er ekte og originalt, som har vorte skapt mellom levande hender. Vi trekkjest mot stearinlys og tømmerveggar, ull og filt, bakverk og strikking, stunder av nærleik og kontakt med tradisjonane.

For tida spinn elles så fort forbi. Det er så mange bilete som flimrar, plakatar som lokkar, musikk som rullar, ting som fossar frå samlebanda og ut i effektive varekjeder med breitt utval i plast og kunststoff.
Vi blir trekte mot noko som er langsamt, jordnært, tidkrevjande, samanhengande, enkelt, handlaga. Noko som nokon har hatt mellom hendene lenge og samanhengande, tenkt på, jobba med, skapt. Urkvinna i oss protesterer mot det raske, digitale, regisserte, og vil tilbake til ull og stearinlys og trekvistar og stein, varme brød og kanelbollar.

I ei verd som målar alt i kroner og øre, vinning og tap, er det vanskeleg å forsvare kvinnfolksyslane. Kva slags samfunnsøkonomisk gevinst kan ein vente av damer som sit heime og strikkar og målar og lagar bilete med pensel eller symaskin?  Dei bidreg nok ikkje til bruttonasjonalproduktet. Men kanskje det er eit bidrag i eit anna reknestykke, eit «trivselslokalprodukt». Kvinner er kjende for å drive mikro-økonomi. Dei startar i det små og set i gang forsiktige snøballar som kan rulle i det stille.
I ein trivsels-lokal-mikro-økonomisk  modell kan ein møteplass i ei bygd i adventstida kanskje ha verdi. Der kan det kanskje vere eit ørlite dytt på snøballen å invitere inn til strikkahuer og kaffi og kveikte lys. Og kven veit kva følgje-effektar kan det få at talentfulle damer får hente kunsten sin fram frå loftsrom og lager?

Slik trøystar vi oss, kvar gong husbonden startar traktoren og gjer nyttige ting. Men no er det uansett berre å setje alle klutar til og fullføre det vi har sett i gang. Så får vi gjere opp status, vinning og tap etterpå. Den neste veka blir spennande, vi ser fram til å kveikje stearinlysa neste helg, og håpar at nokon vil stikke innom.

DSC_1453DSC_1479DSC_1459DSC_1457DSC_1468

 

 

 

 

Status september 2015

«Korleis går det med turistutleiga? Har de mykje belegg?» spør folk. Og svaret er ja, vi har hatt godt belegg, og det går bra. Det har stort sett vore folk både i huset og i hytta heile sommaren, med unntak av eit par veker. Og bortsett frå eit par tilfelle der båtane har slått seg vrange, har det meste fungert fint. Vêret har sjølvsagt ikkje vore det heilt store denne sommaren, men det er få som har klaga.

Men ei familie kom med tre generasjonar og var her i to veker der regnet pøsa og temperaturen låg jamnt på 12-13 grader. Besteforeldra var trufaste norgesvenner som hadde hatt utallige ferieopphald her i landet, og til og med hadde vurdert å flytte til Norge. Men ved avreisa kunne dei fortelje at dei vaksne borna deira var sjokkerte over regnet og hadde uttalt bombastisk at «her kunne vi aldri ha budd!» Dei gledde seg til å komme tilbake til 30 varmegrader i Berlin. Andre gjester har faktisk kvidd seg til å reise heim på grunn av varmen i Europa, og ville heller ha 15 grader her enn 37 i Tyskland.

Så har vi kategorien Fiskarar, som kjem med eitt mål for auge: Å finne mest mogeleg fisk i fjorden. Dei er vi alltid litt småbekymra for, for det er ikkje så store mengder fisk å få i fjorden for tida, særleg ikkje i sommarmånadane. Dei kjem med store mengder fiskeutstyr av alle slag, og stablar opp eit titals fiskestenger og opptil fleire koffertar med remediar vi aldri har sett. Då er det litt nedtur dersom fjorden er daud og tom, og dei må luske slukøyrte tilbake frå fisketurane dag etter dag. Då er vi alltid glade når dei får seg nokre makrellar eller palar som kan redde dagen.

«Men de får vel ikkje tid til ferie sjølv?» spør folk, med ei småbekymra mine, og lurer tydelegvis på korleis vi har stelt oss. Nei, det blir berre kortreiste småturar i sommarsesongen. Men no nærmar haustferien seg, og då skal vi stenge hyttedørene og ta ut belønninga i form av ei veke i Italia. Men likevel er ikkje turistsesongen over, for i siste halvdel av oktober kjem dei siste hyttegjestene, og dei kan i alle fall ikkje ha valt feriemål på grunn av vêret!

Så var det vegen vidare. No er det å få sett i gang selskapsutleige som er neste mål. Deler av sommaren har gått med til å lese på «Etablererprøven for serveringsvirksomhet», for å kunne avlegge prøven som trengst for å kunne søkje serveringsløyve, slik at det vert mogeleg å selje eigenprodusert mat om det skulle bli aktuelt. Prøven vart gjennomført i august, og no er vi nokre tekniske oppgraderingar på kjøkenet frå å kunne sende ein søknad.

I juni hadde vi ein personalfest her, og i slutten av september skal vi arrangere ei bursdagsfeiring. Før jul er planen å lage julegåvebutikk med varer frå flinke, lokale produsentar som lagar bilde, syr og strikkar. Og så blir det ny adventskonsert i stova, slik vi hadde for første gong i fjor. Der skal unge, lokale amatørar få delta med song og blåseinstrument i ein heimekoseleg og annleis julekonsert. Planlegginga av songval og arrangement er i full gang.

Frå 1. januar skal vi også overta utleigedrifta på Furuheimen, ein tradisjonsrik ferieheim i Frivika, som fagforeininga i Høyanger har eigd sidan 1930-talet. Der blir det fleire turistar å ta imot om sommaren, og lokale folk som brukar huset til bursdagar, venne- og kollegatreff i vinterhalvåret. Då blir utleigedrifta teken eit steg vidare, og Stig Øvreås i reklamebyrået Finurlig har laga ei flott brosjyre for oss, som viser alle dei tre husa som då blir til utleige. Den skal snart distribuerast, men først må den tilhøyrande nettsida opp og gå.

Vi blir ikkje arbeidslause dette året heller, men har til gjengjeld starta ei forsiktig nedtrapping av anna arbeid for å ha meir kapasitet til å ta ned alle ballane vi hiv opp. Det er spennande og litt skummelt, og vi lurer stadig på om vi eigentleg er lure eller dumme som kastar oss ut i dette i staden for å satse sikkert og velje den breie vegen gjennom yrkeslivet. Men moro er det!

DSC_1125

Vik’en i Vaim

Vi vil gjerne ha tru på distrikta, vi ser etter teikn på levande bygder, framtid, tilflytting og liv. I sommar var vi på tur gjennom fylket, og frå bilvindauget er det lett å fange opp signala, anten det er eit veldrive heimebakeri på Byrkjelo, eit nyoppbygd feriesenter på Bryggja eller målingsavskalla, forsømde låvar i den tidlegare så veldrivne landbruksbygda Breim. Vi vil gjerne sjå optimisme, signal om satsing og pågangsmot,  barnevogner og syklande ungar. Nesten heime passerte vi Vadheim, 6 km frå heimeneset, vår næraste, nokolunde tettbygde tettstad. Inst i Vadheimsfjorden ligg den, med to daglegvarebutikkar, eit vegkryss, eit buss-stopp og eit sovande fjordhotell. Ein vakker stad med utsikt mot fjorden.

Men midt i krysset mellom Riksveg 55 og Europaveg 39 står lokala etter den nedlagde Christian Vik-butikken og gaper med store, blinde vindauge. Slik har det stått i fleire månader no, med «Til sals»-plakatane skeivt opphengde i vindauga. Innanfor står møblementet etter den gamle butikken berre delvis vekkrydda, og dei ein gong så raude og friske markisene heng svartskitne og skrik etter utskifting. Kva har skjedd med dette ærverdige bygget som gjennom årtier har vore hjartet i Vadheim?

DSC_1260[1]

Vadheim var ein gong eit knutepunkt, eit dynamisk senter, eit bankande hjarte i distriktet og samferdsla i Sogn og Fjordane. Båten til Bergen gjekk herfrå, og her kom alle reisande til og frå by’n, og mellom Sogn og Sunnfjord. Her var hotell, bank, industri, handel, liv og røre. Heilt fram til 80-talet var det tre matbutikkar og to bakeri her.

Christian Vik kom frå fjellgarden Vikja, og starta i 1900 landhandel i Vadheim. Etter kvart dreiv han også slakteri, bakeri, sagbruk, tønnefabrikk og brusfabrikk(!).  Brusfabrikken var i drift fram til 1930-talet, tønnefabrikken til 1965, bakeriet til 1992 og daglegvarebutikken fram til 2007. Vik-butikken i Vadheim var omsnakka og vidkjend då eg vaks opp på 70-talet. Eg hugsar korleis far min fortalde om den, som om den skulle vere eit skattkammer. For Vik’en hadde ikkje berre daglegvarer, men kunstgjødsel og gåveartiklar og det meste ein kunne komme til å trenge, på den tida vegen til Førde enno var kronglete og lang.

Ein gong rundt 1990 var eg på jakt etter filttøfler til den vesle sonen min, og ei av dei trufaste damene bak disken tok oss med opp på loftet for å leite etter passande storleik. Det var eit syn ein ikkje så lett gløymer. Oppunder bjelkelaget, på eit støvete og berre delvis innreidd loft, stod det stabla øskjer i hovudhøgd i kubikkmetervis innover. Gamle pappøskjer med tøfler, gummistøvlar og truleg alt mogeleg anna som hadde vore i varesortimentet i fleire tiår, etter overflata på øskjene å dømme. Mellom stabelrekkjene gjekk den vesle, gamle dama og leitte med lett krøkte arbeidshender, rutinert etter eit heilt liv i butikken, og antageleg lommekjend i øskjejungelen. Om vi fann tøfler til sonen kan eg ikkje hugse, men resten av biletet står spikra i minnet.

Det er 8 år sidan den siste, gamle butikkdama måtte kaste inn handkledet og butikken vart stengd. I vår kom den for sal. Det ser ikkje ut til å ha skjedd noko, og vi har teke til å andøge*: Kjem det ikkje til å skje noko? Skal det berre stå slik? Er det ingen som vil forbarme seg over det tradisjonsrike bygget og gje det nytt liv?
Men svaret er nærliggande: Kva skulle det vere? Kven kunne komme opp med ein forretningsidè som kunne forsvare å bruke millionbeløp på dette bygget, og deretter pusse det opp? Korleis få noko slikt til å gå rundt? Svaret gir seg sjølv.
Det er trist. Det tristaste er at Vik-butikken er eit symbol på utviklinga i distrikta. Den er sentraliseringa i klartekst: Ikkje folkegrunnlag, ikkje lønsemd, ikkje satsing.

Det er tungt å sjå på dei tomme vindaugsrutene. Og i fantasiverda, fristilt frå kalendaren og bankontoen sine avgrensingar, kan vi drøyme: Tenk om nokon kunne ha blåse liv i dei ærverdige lokala og starta ei hjartevarm og idealistisk verksemd, for å få noko til å skje. Ein koseleg kafè og dill-dall-butikk, med heimebakst og saft og småting, lokalmat og handverksprodukt. Ei kunstig gjenoppliving av den krambua som Vik-butikken var i sine glansdagar, eit prov på at Vadheim framleis er ein stad med livets rett og born og unge mødrer med barnevogn og snørrungar på sparkesykkel og bussar og båtar som kjem og går og turistar som stansar i rein nyfikne. Helst skulle den vere driven på dugnad av eit ihuga bygdekvinnelag, nokre grepa kjerringar med roser i kjakane og mjøl på forkleet, trygge smil og arbeidsmusklar i overarmane, med tru på bygda og framtida og etterkomarane. Det skulle ha skapt lys i vindauga, fottrinn i dørene, møtestader for folk, fellesskap og aktivitet. Det skulle ha signalisert til dei fastbuande og dei forbipasserande at her er det noko som skjer, her er det sjeler og som skaper og vil noko, her er det plass for fleire som vil bu i eit lite, godt grendesamfunn, lage born og liv og framtid.

Slik kan vi drøyme i svake øyeblikk, medan vi ei kort stund gløymer jungelens harde lover om omsetning og resultat, rekneskap og balanse, arbeidsmengde og slit, byråkrati og einsemd som er realitetane denne verda byr slike drøymarar.
All ære til Christian Vik og det han skapte på 1900-talet, han hadde fortent eit betre monument enn tomme vindaugsruter mot riksvegen. La oss framleis håpe det kjem ein Askeladd forbi.

gamle vadheim

Kjelder:

«Christian Vik – ein allsidig forretningsmann» http://www.nrk.no/sf/leksikon/index.php/Christian_Vik_-_ein_allsidig_forretningsmann

Facebook/Gamle Vadheim
https://www.facebook.com/profile.php?id=1266759375&fref=ts

Knut P. Bøyum: «Ei ferd langs vatn»,  Firda 1.8.2015

*Andøge: bekymre seg, vere uroleg for