Om kultur og musikk

Musikk er mellom dei beste av alle gode ting i livet. Musikk til å høyre på, beundre og la tankane fare i. Men først og fremst det å spele sjølv, og helst saman med andre. Samspel er å kaste seg ut på bølgjene saman, og kjenne at det svingar. Som utdanna, men yrkesmessig fråfallen musikkterapeut svergar eg enno til samspelet sine byggjande og styrkande sider, og nyttar kvar sjanse til å oppleve dei.

Musikk, og annan kultur, er lim og sement i eit lite bygdesamfunn. Det kan skape vi-kjensle, fellesskap og kjensla av å halde på med noko viktig. Ofte manglar det folk i ulike roller. Det kan vere frustrerande og gjere at ein ynskjer seg eit større og rikare miljø. I periodar kan det verte einsformig og forgubba. Men brått skjer det noko nytt, eit nytt menneske, eit nytt initiativ, ein glødande idè.

Som oftast er folk sjeleglade for alt som skjer i ei bygd. Det er lite som skal til for å kunne tilføre noko, føle at ein kan bidra til fellesskapet. Det er den positive skilnaden på kulturlivet i bygd og i by – ein slepp å drukne i mengda. På bygdene er folk sitt eige kulturliv, på godt og vondt. På sitt beste ein fryd av dugnadsånd og verdiskaping i mikro-målestokk.

Heldig er den bygda som har eit korps eller eit kor. Her hos oss har vi begge deler. Kyrkjebø Skule- og Ungdomskorps er eit godt døme på fruktene av trufast og langvarig styreleiarskap. Her har sønene fått si musikalske grunnutrusting, og her har vi fått utfalda og utfordra oss i musikalske prosjekt. Korps er grunnfjellet i norsk musikkliv.
Og som mykje anna godt, gamalt og byggjande, slit rørsla i motvind i den moderne tida. Det gjer også dei små bygdene, og sånn sett er vel kjerringa-mot-straumen-bildet perfekt.
Opp for bygda, for kulturen og for korpsa!

2 thoughts on “Om kultur og musikk

  1. Dette er eit viktig og flott innlegg om musikk -kulturen vår reint generelt !:).Som leiar i eit kor i fem år ,og med ei nokolunde brukbar sopranstemme og neppe talent for meir enn munnspel som instrument,pluss litt songtekstskriving m.m.har eg likevel fått ein kjensle og oppleving av musikalsk rikdom inn i livet mitt
    .Som eg ,om eg hadde heldt fram å bu i Høyanger kanskje ikke kunne fått opplevd.
    Eg kom inn i eit nytt og meir kreativt miljø,då eg som to-og trettiåring flytte ut frå Høyanger.
    Du skriv at den positive skilnaden ved å utfalde seg i bygder kontra byer..er å ikke drukne i mengden…og vidare det som blir nevnt på godt og vondt.
    Det handlar igjen om enkeltmennesket si tru på seg sjøl,og si formidlingskraft,og neppe alt som «manglar»!?:)
    Som denne bloggens eigar er eit godt døme på…trass begrensningane på utøvarsidene til tider…
    Eg sjøl kunne gitt opp mang ein gong over idear som strøymde i meg sjøl,og ei ide,og formidling som foreks.koret vårt skulle kunne utføre.
    «Forgubbing» er berre forordet..det ligg mykje redsel for å «dumme «seg ut om ein prøver nye ting…
    Som du skriv..».eit nytt menneske..ei glødande ide..eit nytt initiativ.»
    Dette handlar om å ikkke gje opp om nokre få glimtar med sin skepsis,eller ulike utøvarar til eit konsept ikke gå å få «gande» fram til rett tid og stad….og ..likevel…do it anyway..og ja eit «perfekt kjerringa mot straumen» bilde!:)
    Det har vi god erfaring med «held så det holder»..i denne bygda vår…slikt akksellerererar!

  2. Eg såg noko datt ut av det eg skriv .I forb. med «forgubbing»..og frykt for å dumme seg ut..
    Dette du skriv om at folk er sjeleglade for det som skjer i ei bygd ,og at det er så lite som skal til….det er er ein klok og formålstjenlig observasjon..som og er min eigen observasjon
    .Micro- målestokken er like viktig som macroen….

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s