Klævold har to stølar, ein «heimestøl» og ein «fjellstøl». Heimestølen vert kalla Grøndalen, og ligg langs ein traktorveg 20 minutts gange i motbakke frå garden.
Men når vi snakkar om «Støylen», handlar det om fjellstøylen, offisielt Klævoldsstølen. Den ligg i fjellområdet mellom Klævold og Vadheim. Vi kan gå heimefrå gjennom Klævoldsdalen, det tek ca. 1,5 time, inkludert 1/2 time traktorkøyring. Eller vi kan gå opp den bratte stien frå Vadheim, og deretter innover myrane. Det tek 1-1,5 time, alt etter kven av oss som går…..
På støylen har vi dei siste åra restaurert det gamle selet, og er i ferd med å gjere det om til ei enkel, brukande hytte. Her på eit tidleg stadium:
Etter kvart ser det slik ut:
Frå støylen har vi god tilgang til eit fint fjellområde, med m.a. Raunevatn, Ingridfjell og områda innover mot Høyangerfjellet.