Om denne bloggen

Eg som skriv denne bloggen heiter Sonja Aasen Årdal. Den vart til mest som eit artig påfunn då systera mi reiste til Kina og skulle skrive blogg derfrå. Det såg kjekt ut å skrive blogg, og eg fann ut at det ville eg òg gjere. Og sidan vi bur her ute i periferien, passa det godt å rapportere frå «fjerne strok», slik som henne…

Dette var i 2012, og sidan har det gått i rykk og napp og rulla litt på seg. Frå å vere ei oppdatering til familie og vener om små og store gjeremål på småbruket, har det kome tekstar om livet som tenåringsmor, om skulekvardagen og om distriktspolitikk og sentralisering. Eg har oppdaga at bloggforma passar meg godt, med korte tekstar der ein kan kombinere humor og alvor i passelege dosar. Hyggelege tilbakemeldingar har også gitt lyst til å halde fram med skrivinga. Det er kjekt å kunne setje ord på ting som ein sjølv opplever, og særleg når andre kjenner seg att i det.

Til dagleg er eg lærar i ungdomsskulen, korpsdirigent, hobby-småbrukarkone, og mor til fire.

Sonja med lam

Småbruket vi bur på ligg på Klævold i Høyanger kommune, Sogn og Fjordane, 5 minutt frå Vadheim, 40 minutt frå Førde og 2,5 timar frå Bergen. Vi har Sognefjorden som næraste nabo, og har fått ein vakker stad å forvalte. Her driv vi med utleige til turistar i sommarsesongen, og hobbydrift med sauer av rasen «gamalnorsk spæl».
Vi jobbar også med planer om å drive selskapsutleige i utleigehuset i vinterhalvåret.
Her bur eg saman med Jens Ole Årdal og to av dei fire sønene våre, som framleis bur heime.

Jens Ole med villsau

 

 

4 thoughts on “Om denne bloggen

  1. fant bloggen din helt tilfeldig, men skal kike innom av og til. Vi deler nok verdiene, men dåke har gard, og eg vil nok få.. ein gong.. Lykke til!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s