Sperrestova

På Klævoldsneset blir det (med svært god hjelp av kompetente familiemedlemer)  har det dei siste åra vore arbeidd med å setje opp att ei autentisk sperrestove frå 1880-åra. Den er riven «på rot» og flytta frå Åberg i Gaular, og skal no få eit nytt liv som utleigehytte og kårstove.

Her er nokre glimt frå rivinga i 2008:

Pr. mars 2012 er stova under oppføring på Klævoldsneset:

Juni: Ferdig beisa, ventar enno på torvtaket.

Sperrestova er den tradisjonelle vestnorske byggjemåten frå førre hundreår.

Området på Klævoldsneset er regulert for 5 utleigehytter, og dette er den første som er under oppsetjing. Området ligg fint til ned mot fjorden, med god utsikt vestover. Før var det ein overgrodd «jungel», men etter ein god del skogrydding er det i ferd med å opne seg opp og vise seg i all si prakt.

På neset ligg ein del krigsminne frå andre verdskrig, festningsverk og kanonstillingar som tyskarane bygde for å halde kontroll over Sognefjorden. Krigsminna er verna, og hyttebygginga skal ikkje komme i konflikt med dei. Etter at området er blitt rydda, har dei blitt meir synlege og tilgjengelege for ein kvar som vil komme og sjå eit lite stykke krigshistorie.

Sommaren 2013 såg stova slik ut:

DSC_0153[1]

DSC_0148[1]

DSC_0160[1]

Sjå også korleis hytta blir presentert for utleige hos utleigebyrået for den tyske marknaden: http://www.interchalet.com/detail.cfm?object_code=FJS282&bquick=true

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s