Vi har engasjert reklamemann. Stig Hovlandsdal Øvreås, som flytta heim med marknadsføringsbedrifta «Finurlig» på flyttelasset, er vår hjelpar i arbeidet med å nå ut til omverda med vår bodskap (http://finurlig.no).
Og bodskapen er at vi skal komme i gang med utleige av selskapslokale til hausten. I det gamle, oppussa våningshuset kan folk leige lokale til å lage til sitt eige selskap, eller få hjelp til arrangementet sitt på ulike måtar. Eller dei kan vere gjester på kveldar som vi vil lage til.
I sperrestova på Klævoldsneset kan mindre lag eller vennegjengar ha ein koseleg kveld mellom gamle tømmerveggar.
Så vi skal lage brosjyre, for å formidle at vi finst og kan takast i bruk. Reklamemannen har vore her og fotografert, og vi har hatt prøve-selskap der han tok bilde av glade damer over vinglas og kakefat. Det var spennande å invitere venner og kollegaer på foto-selskap under kunstig lampelys, men dei tok utfordringa sporty og såg ut til å finne seg fint til rette som fotomodellar for ein kveld.
Sauene er også blitt fotomodellar, og skal vere med og formidle ei stemning av gard og friluft og velsmakande sauekjøt, som kanskje med tida kan setjast på bordet.
Så har han laga logo, og selskapsutleiga skal marknadsførast under namnet
«Klævold stover». Så gjenstår det å sjå korleis marknaden, lokalmiljøet og bygdedyret tek imot oss. Det er spennande og skummelt å kaste seg uti det, og det forpliktar å skulle tilby eit produkt. Vi skal gjere mykje for første gong, og bevege oss ut av komfortsona meir enn det som kjem til å bli behageleg. Det må stå sin prøve, loddet er kasta, og tida vil vise korleis det går.
Alle foto: Stig Hovlandsdal Øvreås