Skal vi ha korps på Kyrkjebø?

Korps er tungrodde greier. Dei færraste bryr seg om korps anna enn på 17. mai.
Det er ompa-ompa og marsjar og eit tungt lydbilde fjernt frå hitlister og radiopop.
Korps er for spesielt interesserte, på linje med sjakk-klubbar og hesteskokasting.

Dessutan går tida frå småkorpsa. Samfunnsutviklinga tilseier store einingar, samanslåingar, sentralisering, rasjonalisering. Vi heng skikkeleg etter.
Hos oss er det 5 korps innanfor ein avstand på 2 mil, og alle slit med rekrutteringa. Er det meining i slikt?
Det er lenge sidan 70-og 80-talet, då bygdene krydde av ungar, fritidsaktivitetane var få, og eige korps, idrettslag og ungdomslag var ein sjølvsagd ting i kvar bygd. Treng kvar bygd sitt korps i våre dagar, i nokre tilfelle to? Ville ikkje tidsånda tilseie samanslåing og rasjonalisering, til eitt skulekorps og eitt vaksenkorps, lokalisert i kommunesenteret?
Så kunne dei kanskje få nok medlemer, og alle vart førnøgde?

Barnetalet går ned, medan inntekta, fritida og den individuelle fridomen er for oppadgåande. Tidskarusellen svingar fortare i familiane, meir skal inn på tidsplanen på kortare tid.
Dei borna som enno veks opp her lever sine liv i stor grad framfor skjermar med raske stimuli. Det tek for lang tid å lære seg å spele eit instrument, og å sitje to timar kvar veke og øve inn eit repertoar saman med andre.  Foreldra vegrar seg også, for det er andre ting som freistar meir enn å stå last og brast med korpset gjennom fleire år med kornettøving i huset, uniform, notar, kakelotteri, basarar, turar og konsertar.
Dessutan risikerer ein å bli spurd om å sitje i styret og bli involvert i ansvar, styre og stell. Det er tryggast å styre unna, og la dei spesielt interesserte ta seg av det.

Alle andre fritidsaktivitetar foregår i kommunesenteret. Ungane tek fint bussen til fotballtrening på kunstgrasbana eller handballtrening i hallen, det er 10 minutt reisetid.
Dei få korpsinteresserte borna kan vel like godt ta bussen frå Kyrkjebø til felles korpsøving i Høyanger, og treffe fleire likesinna attpå. Det ville vere effektivt og ressurssparande.

Så kvifor skal vi då framleis ha eit korps på Kyrkjebø?
På grunn av 17. mai, vil dei fleste seie.  For kva er ei 17. mai-feiring utan korps?
Så er det kjekt med julekonserten i kyrkja og eit nisseorkester til julegrantenninga ved butikken. Greitt nok. Men er det alt?
Er det grunn god nok til å halde eit korps gåande under marginale forhold? Og kor lenge?

Det er 5-6 vaksne damer som i realiteten utgjer Kyrkjebø skule- og ungdomskorps.
Dei stiller på øvingane og ber kvar si instrumentstemme, og syter for at det musikalsk heng so nokolunde ihop. Samstundes utgjer dei heile styret, og der er ingen andre til å dele på. Nokon har omsider fått avløysing etter 20 år i styret, men arvtakarane er ikkje lette å finne, og leiarvervet sit det langt inne å fylle på kvart årsmøte.

Førre år var det 3 spelande medlemer under 18 år i korpset, i tillegg til 4 aspirantar.
To av aspirantane er samstundes med på både drill og handball, og det er slett ikkje sikkert at dei kjem til å halde fram.
I løpet av dei siste få åra har eit par handfuller unge musikantar slutta i 11-12 års-alderen, når dei akkurat er begynt å bli dyktige nok på instrumentet sitt til å kunne bidra i korpset. Grunnen er konkurranse med handball og fotball eller påtrykket frå hormonar, pubertet, låg status i ungdomsmiljøet og manglande tolmod til øving. Barnetalet i skulen tilseier at tilsiget av nye aspirantar er minimalt.

Så i tillegg til dei 5-6 damene og dei 3 ungdommane er speleoppdraga til korpset baserte på mobilisering.  Det korpset du ser i uniform på 17. mai er alltid minst dobbelt så stort som den gjengen som reelt sett utgjer korpset og fyller stolane på øving gjennom året.
Plassane vert fylte opp gjennom innhenting av tidlegare medlemer, utflytta ungdomar og støttespelarar som stiller opp, får notar og hoppar inn på kort varsel og bergar både julekonserten og marsjeringa på 17. mai. Og årets flotte Beatles-konsert hadde ikkje vore mogeleg utan mobilisering av musikantar frå nabobygdene Vadheim og Høyanger for å fylle hola i instrumentstemmene.

Men er det meining i å halde på slik, og basere drifta av eit korps på kunstig andredrett?
Er hensynet til 17. mai-toget, julekonserten og nisseorkesteret nok til å halde på slik fleire år til? Kor lenge kan 5-6 damer drive dette maskineriet, og vere kjerringane mot straumen? Og kor lenge har vi i det heile ungar som blir med?

Skal det vere meining i, må det handle om meir enn 17. mai. Det må handle om bygda.

Så lenge ein trur på identiteten til bygda, at det er eit poeng å vere ei eiga bygd, kan det ha noko for seg: Viss ein trur borna bør ha fritidsaktivitetar i si eiga bygd, og ikkje berre i kommunesenteret. Viss ein trur på verdien i det nære, der ein kjenner folk og veks på fellesskapen og samhaldet for å få noko til. Viss ein trur på at vi framleis treng å høyre til i ein liten, lokal samanheng, og ikkje berre i kommunesenteret, sjølv om det er berre 10 minutt på bussen, då kan det ha noko for seg.

Då kan vi til og med tru at det kan ha noko å seie for ungdomane, når dei veks opp og skal vurdere å komme heim att til bygda si, det å ha nokre levande, gode minne å bere med seg vidare. At det vil ha noko å seie for dei å kjenne på at dei faktisk gjorde ein innsats for bygda, gjennom å lære seg å bli speledyktig på eit instrument, påføre seg den stive uniformen og dra sambygdingane gjennom 17. mai-toget år etter år, då kan det vere den motivasjonen som trengst. Viss vi trur at den langsame læringa, det møysommelege øvingsarbeidet, fellesskapen i å sitje saman og jobbe seg gjennom ei felles musisering og høyre at det fungerer, faktisk får noko å seie for unge sjeler som treng å ruste seg for utfordringane i livet, så vil det vere verd det.

«Det trengst ein heil landsby for å oppdra eit barn», seier eit ordtak.
Det trengst også ei heil bygd for å drive eit korps. Det må vere eit fellesprosjekt, det må vere fleire som trur og  som vil halde maskineriet i drift.
«Så kva kan eg gjere?» seier du kanskje.

Dersom du har med born å gjere, kan du framfor alt stimulere dei til å lære seg å spele eit instrument. Det trengst skule, foreldre, besteforeldre og støttespelarar som snakkar opp korpset, som veit kva det er verd og som seier det høgt i borns påhøyr.
Som let borna vere med, som legg til rette for øving, som motiverer, oppmuntrar, hjelper dei å halde ut når det buttar mot, som engasjerer seg og viser si støtte.
For samstundes som barnet ditt lærer seg å spele eit instrument, lærer det seg uthald, tolmod, ansvar og evna til å tenkje på seg sjølv som del av ein fellesskap. Det kjem eit kvart barn av vår tid til å ha nytte av når det skal vekse opp og leve livet sitt i vår urolege, raske, rastlause verd.

Dersom du ikkje har born, men noko tid og engasjement til overs, kan du melde deg til praktisk støtte for korpset. Det trengst kakebakarar fleire gonger i året, og det trengst fleire hender i arbeid kvar gong det skal arrangerast basar, konsertar og turar.
Det trengst engasjerte sjeler som kan tenkje seg å sitje i styret, som kan ta imot post, stille på møte, halde orden på økonomien, planlegge og halde det formelle på skinnene.
For dersom nokon andre kunne ta seg av praktiske og økonomiske gjeremål, kunne musikantane bli avlasta og få lov til å vere musikantar, og dyrke gleda over det. Motivasjonen ville auke, gleda over å dele børa med fleire og sleppe å kjenne på at ein står åleine under eit tungt ansvar kunne gjere at dei heldt stand nokre år ekstra.

Og du kunne faktisk lære deg å spele sjølv. Er du ein av dei mange vaksne som har gått gjennom livet og trega på at du aldri lærde å spele eit instrument, så kan du gjere alvor av det!
I motsetning til i idretten vert du aldri for gamal til å starte. Akkurat no har vi ei godt vaksen dame som har teke utfordringa, og er i gang med å trene opp leppemusklar og notelesingsevner med friskt mot. Det er plass til fleire, og instrumenta ligg klare.

Har du spelt før, kan du friske opp gamle kunster og få ein ny vår som musikant.
Du får trena opp igjen pust og magemusklar, og du får kjenne på gleda over å meistre det som du ein gong kunne. Er du attpåtil mann, kan du bidra til kjønnsbalanse og mannlege rollemodellar i miljøet. Har du eigne barneborn ville det vere gull for dei å bli musikantar saman med bestefar. For vårt korps er både skule- og vaksenkorps i eitt, og foreldre, born og besteforeldre kan vere med saman, og gjere fritidsaktivitet til eit felles famlilieprosjekt.

Er det ikkje noko av dette som passar, kan du gjere ein viktig jobb med å oppmuntre korpset. Tenkje gjennom kva verdi korpset har i bygda, og snakke høgt om det. Treffer du nokon av dei 5-6 damene på butikken, kan ein jo spørje korleis det går, og vise at du tenkjer på dei også utanom 17.mai. Og treffer du nokon som vil halde ungane sine unna dugnad og falske kornett-tonar, så har du sjansen til å ta til motmæle og vinkle saka frå litt andre sider.

Så kanskje vi klarer å flyte mot sentraliseringsstraumen ei stund til. Kanskje tek det nokre fleire år før alle born tek bussen til Høyanger på fritida, før bygda berre er ein butikk og ein sovelandsby og leiger inn korps frå kommunesenteret på 17. mai.

 

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s