Tynne veggar

Så lite som skal til for å velte lasset. Då vi hadde tilpassa oss farten på karusellen og tykte vi heldt ein fin driv, kom det ei snubletue. Slim i halsen, sement i kroppen, bomull i hovudet. Termostaten ute av styring, frostrier ein plass langt der inne frå, under to pledd. Svettetokter ut av ingenting. Ikkje noko av det som elles er viktig, var viktig lenger. Regnet fekk berre regne, rotet fekk ligge, oppvasken fekk stå, skuleverda fekk gå sin skeive gang på eiga hand. Avissider med store og små nyhende var berre det dei var, tørre papirark med uvesentlege bokstavar på. Musikk var larm, underhaldarane på TV ubehjelpelege, masande nikkedokker. Ingenting var moro. Timane, som det alltid er for få av, snegla seg av garde utan innhald.

Det var eitt innslag på TV som fanga interessa desse dagane. Ei ung kvinne hadde fått brystkreft to dagar før 24-årsdagen sin. No, eit halvt år seinare, stilte ho opp på store fotografi på utstillingsveggar. Skalla, naken, med armane i kors opp for dei skamfarne brysta, med tatoveringar på fingrar og armar. Med eit sterkt blikk som såg rett i kamera.
Og her hadde vi vore sjølvmedlidande over ein heilt ordinær influensa. 4-5 dagar i sparemodus på sofaen, kva er vel det, mot å få heile livet sitt truga som 23-åring?
Vi skamma oss, og drog oss ut av barnebobla vår.

For nokre år sidan budde vi i eit gamalt hus utan særleg mykje isolasjon i veggane. Når det bles, kunne vi kjenne trekken i nakken når vi sat i sofaen. Gjennom vinteren, som var nokså lang og hard det året, var det ein kamp mot kulden. Eg hugsar at eg tenkte: Slik er eigentleg livet òg. Det har veldig tynne veggar, eigentleg. Når vi lever i gode hus, og med trygge kvardagar, kan vi komme til å tru at vi alltid skal vere skåna mot livets kulde og blest. Plutseleg snur noko opp ned på alt, og då er det eigentleg veldig lite mellom oss og elementa der ute.

I går var slaktebilen her. Bonden hadde ei stri tørn med å dømme mellom liv og død. Sortere mellom påsett og slakt, framtid og evige beitemarker bak slaktehusets veggar.
Det var så mange som burde ha fått leve, som var for gode for lagnaden sin. Men husrom og kapasitet sette sine nådelause grenser, og innanfor der måtte det veljast. Bonden måtte vere hard og profesjonell, og gjere sine val. Og lamma, som ikkje hadde sett anna enn grøne enger og vide fjellbeite i sine unge liv, vart stua på slaktebilen.

Påminning har vi ikkje vondt av, der vi spring rundt i dagane våre. Om korleis vi sjølv er i hendene på lagnaden, inntil vidare skåna for dei store stormane der ute. Så får det våge seg at det går nokre dagar med uproduktiv hoste.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s