Grøftegraving

Husbonden var inne i ein litt tung fase. Det hadde vore ein travel periode. Det var rett etter middagskvilen, humøret var ikkje det beste, og han hadde startvanskar framfor neste arbeidsøkt. «Nei, eg får gå og grave litt grøfter, så tenkjer eg humøret stig,» sa han og drog seg opp av sofaen. Etter å ha følgt han tett dei siste 27 åra, visste eg at han hadde rett. Det var truleg det som skulle til.

Dei fleste andre ville vere sjeleglade for å sleppe å grave grøfter ein laurdags mai-ettermiddag med snø i lufta. Nei, rettare: Dei fleste andre ville ikkje tenkje over at dei slapp å grave grøfter, det ville ikkje vere eit alternativ. Det ville vere ein utenkjeleg og uaktuell tanke.

Men for denne småbrukaren er det å grave ei grøft oppnåinga av eit heilt konkret mål: Å sjå at det går framover. Å kjenne på kroppen at han har fått gjort noko som fører i rett retning. Å komme inn att etterpå og vere utsliten, og vite at det har gått til ei god sak; framdrift i hans private Prosjekt Utvikling.

Her vert skilnadene mellom oss synlege. Eg gjekk for å inspisere grøftegravinga, og alt det andre som skal følgje i kjølvatnet av den: Store dungar av gamle, felte tømmerstokkar som ligg ulike stader på området skal ned i grøfta som drenering. Grøfta skal fyllast igjen, ei anna grøft lenger oppe handsamast omstendeleg på same måten. Heile området skal deretter pløgjast, harvast og såast.

Eg klarte berre å sjå uhorvelege mengder arbeid, og tok automatisk til å rekne arbeidstimar i hovudet. Kjensla av mismot tok til å legge seg tungt i mageregionen. Så eg spurde: «Rår du med alt dette? Misser du ikkje motet?» Men no var den urvne kroppen frå sofaen ein times tid tidlegare gløymd og borte, og karen var i sitt ess. 

Nei, han rådde vel kanskje ikkje heilt med det, men det viktige var at det gjekk framover. Så fekk eg ei lengre utgreiing om kva som hadde blitt gjort sidan i fjor, då overflatevatnet flaut over området. Då han og eldstesonen hadde teke eit krafttak i grøfta eit stykke lenger nede og laga drenering som tok det kritiske punktet og førte vatnet vekk. «Og no kan eg berre stå her og sjå på kor annleis det fungerer i år, kor mykje betre det har vorte!»

Så gjekk han i gang, med sin vesle Massey Ferguson frå 70-talet, og løfta opp neste tømmerstokk med svansen. Eg tok hunden med meg heim i snøføyka, og prøvde atter ein gong å lære å sjå framgangen og ikkje hindringane.

     

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s