Sesongopning

Støylssesongen er opna! Årets første besøk vart ein dagstur i kaldt og vindfullt junivèr. Tenåringane var merkeleg lette å overtale, grillpølsene vart pakka i sekken og hunden fryda seg.
Det nesten-ferdig-restaurerte selet tok imot oss, og alt var som det skal vere: Kaldt før vedomnsvarmen sette seg i veggane, alle svoltne etter turen opp, far henta vatn i grova og mor kokte Toro-gryte med grillpølser. Stemninga merkbart stigande etter som maten kom på bordet og omnen fekk opp stimen. Sjokolade og eplebåtar til dessert, middagskvil med eller utan teikneseriar.

Dagens høgdepunkt: Fisketur i elva for far og søner. Fram med makkeboks og spade, og grave etter makk i komposthaugen. Fornøgde utrop når makken aular under spaden.
Hente dei gamle, heimelaga fiskestengene i fjøsen, beståande av ei tynn, avsaga bjørk med taum og angel. Ta med hund og kniv og setje av stad.

Mor melder seg friviljug til å vaske opp, med baktanke om fredeleg middagskvil i einsemda. Finne fram plastbaljen, tøme opp varmtvatn frå panna på omnen, vaske med kost det velbrukte bestikket, plastkoppar og tallerkar av blanda typar. Hente panna som stod i bløyt i elva, berekne forbruket av varmt vatn slik at det skal rekke til nødvendige utskiftingar i vaskebaljen.

Krølle seg saman under ullteppe på sofaen, med ull-lubbkledde føter nærast omnen. La seg dysse av duringa frå varmen som brenn der inne, og høyre ingenting anna.
Fyre litt meir, koste golvet, rydde i kle og eignelutar. Ta imot fornøgde fiskarar som kjem att med gode smil og seks små aurar på ein pinne. Høyre på referatet om kor mange som beit på, kor mange som datt av, kven som fekk kor mange og kva slags ukvemsord tenåringane har mora seg med å slenge etter kvarandre.

Betrakte dei hengslete unggutane som finn fram medbrakt brød og ein overvintra nugattiboks frå skuffa, hiv innpå nokre skiver og litt fleire teikneseriar før heimturen. Tenkje litt på utviklinga sidan den første kaotiske turen hit då dei var fire, og gle seg over at nokre enkle gleder framleis er gode nok for dei elles så moderniserte ungdomane.

Traske heimover over myrar og på velkjende stigar, langsmed elva og ned den bratte brekka til Vadheim. Setje seg i bilen med hund og husbond og lattermilde, kranglevorne søner, og vere mo i beina og glad i sjela. Finne fram dei seks små aurane frå isboksen i sekken, skrape, salte og steike dei. Lage eggerøre etter bestilling frå sonen (som ikkje likar fisk, men likevel reinskar og et ein heilt frivilleg fordi den er sjølvfiska), kalle saman gjengen til kveldsmat og takke for turen.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s