Slått

I slåtten møtest den nye og den gamle tida her på bruket. Først kjem eit innleigd monster av ein traktor som fresar rundt på bøen og legg alt flatt i løpet av overraskande kort tid. Att ligg graset i stilige render, klar til å slukast opp og rullast saman. For neste dag kjem monstertraktoren att, med ein ny, avansert reiskap på halepartiet. Han syg opp graset og formar det til runde ballar, før enno ein diger traktor tek over, og viklar maskinelt og forskriftsmessig i kvit plast. Eit nytt traktoregg er produsert. I løpet av til saman 2-3 timar er heile arealet snaua, og ballane ligg pent opplina ved vegen.

Så kjem andre kapittel: Hesjing.
Sjefsbonden insisterer på å hesje, kvart år. Alternativt kverve, men høgtrykksperiodane på vestlandet er slett ikkje til å stole på, så då er det sikrast å hesje.
Fram med slåmaskinparken, ein Agria 1963-modell og ein 1982-modell. Greitt å ha to når den eine må parkerast for reparasjon, og det skjer titt og ofte. Denne gongen var det kniven på 82-modellen som knakk, etter for mange sveisingar og trøyttleik i metallet. Ingen veg utanom, ny kniv må kjøpast inn.

Men han rakk å slå ned nok gras til at hesjinga kan starte, heldigvis. Massey Ferguson 1971-modell går som ei klokke, og køyrer graset fram i passelege dungar. Folket vert mobilisert, til allmenn gremming frå den yngre garde. Nokre snor seg unna med tendensar til grasallergi, medan dei friskmelde må til pers. Staure hol, setje i staur, legge på streng. Her er det godt å ha ein son i rette alderen, som kan blidgjerast med litt traktorkøyring og elles gjere nytte for seg som strengbunt-viklar. Eit minimum av hesjing kan ein kanskje òg tyne ut av han, før vegen går tilbake i dekning framfor dataskjermen. Tyngda av hesjinga lyt far ta seg av sjølv, med noko hjelp frå bondekjerringa si. Det blir vel mest til moralsk støtte, men litt får vi no lagt oppi så lenge ryggen held.

Det beste med å hesje er lukta. Ferskt gras har ei lukt som ein ikkje legg så nøye merke til der og då, men som samlar opp minne. Når den lukta kjem att, mange år etter at ein kjende den første gongen, er den som ein prosjektør som hentar fram bilete i det indre landskapet. Det er eitt bilete som kjem att kvar gong eg hesjar, og det er av mormor Sofie i gult hesjeforkle av gammaldags, tjukt regnklestoff.

Mor mi voks opp på ein brattlendt gard der all grasmarka låg i bratte bakkar nedanfor tunet. Traktor var uaktuelt. Graset vart slege med slåmaskin, hesja og ført i hus med vinsj eller hest og slede. Kvar sommar (slik hugsar eg det i alle fall) skulle vi vere med og hjelpe til, saman med bestefar, bestemor og eit par onklar. Det var endelause mengder med gras og heser som skulle fyllast, og det regna ofte. Mormor Sofie var rund i kroppen, og det må ha vore tungt å stå med det gule, stive forkleet og løfte på det tunge, våte graset i dagar og veker om gongen.

Så når eg står og hesjar på min vesle del av våre 2-3 hesjar for sesongen, så kjem ho alltid opp for meg i tanken, og eg ser henne for meg med riva, det vesle huset i dei bratte bakkane og vinsjen som kvein inn på låvegolvet med høylass. Og eg veit korleis ei hes skal sjå ut, korleis strengen skal viklast, kor tjukt graset kan leggast og kor kjekt det er for småungane å krype gjennom under nedste strengen. Utan å eigentleg vite det, veit eg korleis gras luktar når det er nyslege og når det er tørt, korleis det kjennest når graset klør oppetter armane i lag med svette og regnvatn, og korleis det er å trakke høyet på sleden og sitje på lasset og sjå fram på ein brei hesterygg.

Den gamle fjordmerra fekk vi forresten overta då bestefar vart gamal og utsliten enkemann, og då måtte eg som fjortenåring ta meir aktivt del i slåtten. Men det får vere ein annan historie. Uansett er dette noko av det som ligg i botnen når vi i dag står her og hesjar i år 2012, med kjapt produserte traktoregg på eine sida av vegen og gamaldagse heser på den andre.

Det er godt for oss med moderne monstertraktorar som frir oss frå mykje slit og strev. Kan hende er det òg godt for oss med litt hesjing, som pressar gjennom eit minimum av arbeidstrening for den elektronikkbaserte ungdomen, minner oss på tida som har vore og hjelper oss å hugse lukta av gras.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s