Gardsturisme

Neste år på denne tid er vi turistvertar, om alt går etter planen. Vi skal leige ut to hus;
ei restaurert og modernisert sperrestove frå 1800-talet, og eit oppussa, eldre bustadhus.
(Meir om sperrestova under eiga side på bloggen).
Det er spennande, og litt skremmande. Blir turistane nøgde med tilbodet vårt? Greier vi å friske opp gymnas-tysken til eit kommuniserbart nivå? Kjem vi til å slite oss ut på gjestfrie smil og tusen gjeremål som vi ikkje hadde føresett? Og vil turistane i det heile teke vere her, i dette evige regnet?

For tida er vi travelt opptekne med førebuingar. Det har lenge vore tankeaktivitet og planlegging, innkjøp, lånesøknad og budsjett. Det har vore utrydding, kasting, flytting og plassering av ting, donering til bruktbutikkar og oppfylling av ein søppelcontainer på 20 kubikkmeter. No er det vasking, måling, sparkling, pussing, demontering, oppmontering og enno uendelege mengder sparkling og måling. Nytt bad skal byggast i ein gammal murkjellar. Ein lettare overgrodd hage skal reinskast opp og helst gjerast overkommeleg lettdriven. Båtplass og kai skal rustast opp. Eit stabbur skal fiksast, eit stakittgjerde målast…. Arbeidslause vert vi ikkje det komande året, det er det einaste vi er heilt sikre på.

Innimellom let vi oss oppmuntre av inspirerande stoff om fenomenet gardsturisme. Det er visstnok i takt med trendane i tida. Folk er stressa av bylivet, og vil ut på landet og rekreere, får vi vite. I Bergens Tidende stod det å lese ei reportasje frå ein doktorbustad i Ulvik, der dei tilbyr seng og frukost (bed and breakfast) til opplevingsmetta menneske som helst vil sitje i ro og nyte freden. Det gjer ikkje noko om det regnar, kunne dei melde. Og hovudbodskapen var at turisthotella slit, men dei små, personlege og landlege tilboda er etterspurde som aldri før. Folk vil bli sett og møtt på ein personleg måte, og dei vil oppleve langsam tid og sjelefred.

Ein kommentar i same avis tidlegare i sommar tok for seg filmen «Folk ved fjorden» av Øyvind Sandberg, som har oppnådd overraskande publikumstal ved Bergen Kino i vinter. Sjølv såg vi filmen på Konsertpalèet på ein bergenstur i februar, og vart rørde og begeistra over det møtet vi fekk med kvardagsmenneska der. Men vi trudde kanskje vi var i sterkt mindretal og ugilde i vurderinga, vi som sjølv er ein slags bønder, noko bakstreverske i våre verdiar og på mange måtar (i alle fall i fylgje sønene i huset) gamaldagse folk ved ein fjord. Så viser det seg no at 20.000 personar har sett filmen, og det slett ikkje berre eldre folk. Mange unge har òg strøymt til kinosalen og teke seg tid til eit langsamt møte med to tilårskomne gardbrukarar ved Osterfjorden.

Redaktør Jan H. Landro har gitt sin kommentar i BT 18. juni tittelen «Det meningsfylte livet ved fjorden». Her tek han for seg dette fenomenet, og spør kva som fenger ved ein film blotta for ytre dramatikk, kommentarar eller andre spenningsskapande verkemiddel. Svaret hans er at møtet med dei to trauste bøndene får fram ein lengt i det moderne mennesket.
«Så vanlige er disse menneskene at de fremstår som helt uvanlige. Det de på beundringsverdig vis representerer, er verdier og holdninger som var allmenne for  noen generasjoner siden. Men som i dagens  stress- og konsumsamfunn virker antikverte – ja, nærmest aparte. (…) Jeg tror at noe av filmens appell henger sammen med en lengsel mange av oss føler. Lengselen etter det gode og enkle liv, en tilværelse vi selv kan styre, dager uten konstant stress, fri for all verdens støykilder, både visuelle og auditive, endeløse strømmer av informasjon og påvirkning.(…) I en tid der alt går så fort, og refleksjon ikke er hyllevare, melder det seg stundom en sterk trang til å stige av.»

Landro er i samband med dette også inne på den internasjonale «Slow city»- rørsla, som han kallar ein langsam motkultur. Medlemsbyane og -kommunane forpliktar seg på å fremje «det gode liv». «Det dreier seg om å bevare kulturelt mangfold og særpreg, styrke gjestfriheten og skape økt bevissthet om  lokale verdier og stedstilhørighet – i motsetning til å satse på shoppingkultur, kjøpesenterutbygging og kjededannelse.» 
Så vender han tilbake til filmen og konkluderer med at den blir «sjelemassasje, et blikk inn i en tapt verden vi kan kjæle litt for – før vi går tilbake til vår daglige konsumerisme.»

Og når vi går tilbake til målarkosten og maskeringstapen, er vi styrka i trua på at også vår stad ved fjorden kan gje langvegsfarande sjeler avstressande dagar. Vi målar vidare med eit håp om at i alle fall nokre turistar skal finne vegen til oss og oppleve litt langsam tid på landet – med eller utan regn.

1 thought on “Gardsturisme

  1. Flott artikkel. Eg har slike tankar sjøl. Derfor tok eg agronom utdannelse nylig for godt voksne, selv om eg framdeles arbeider i oljebransjen. Det blir nok gard på meg og, ein gong..

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s