Ei mors vedkjenning

Eg må berre innsjå det: Eg er nok ei over gjennomsnittet teit og irriterande tenåringsmor. Tilbakemeldingane går heilt klart i den retninga. Dei fleste forsøk på å styre avkommet på rett veg er visst heilt håplause. Framstøyt for god, sunn aktivisering, oppdraging og folkeskikk finn uvanleg sterk motstand.

Det er så mykje eg ikkje forstår. Mykje av det skulle vere heilt opplagt, i følgje mine informantar. Eg forstår til dømes ikkje at det er så mykje større livskvalitet om natta enn om dagen. At ein må sove til etter klokka 12 for å vere utkvild og ha skikkeleg ferie (og vaken nok til å kommunisere med kompisane på nettet neste natt). At det er nødvendig å vere online med eit titals venner døgnkontinuerleg for å vere eit fullverdig menneske og godteken i det sosiale liv. Det er òg tungt å forstå at det er betre å vere inne enn ute når sola omsider skin etter ein grå og våt sommar. Og når eg bed dei gå ut og finne på noko ute, for det er så fint vêr, så forstår eg ikkje logikken i svaret: «Fint vêr – og så? Eg har sett sola før!»  Det fell heilt utanfor mitt skjema for fornuftige resonnement.

Så skjønar eg ikkje at «det er ingenting å finne på». Eg trudde at det på ein fin solskinnsdag gjekk an å slå i hel ein times tid med å ta ein tur med båten sin, trikse på fotballbana si, sykle på sykkelen sin, leike med hunden sin, sjølv om ein snart fyller 14. Kanskje hoppe på trampolina eller sitje på terrassen og lese. Kanskje til og med slå opp eit telt og be kompisar på overnatting? Håplause forslag alt saman, får eg vite. For det ER verkeleg ingenting å finne på, ikkje noko å gjere med det.  

Eg får skulde på mine eigne foreldre og den tida eg vaks opp i. Då lærde vi at det er bra å vere ute og bruke kroppen og få litt sol inn på netthinna når det er fint vêr. At ein blir rôten og uopplagd av å legge seg for seint og stå opp for seint. At det er mange kjekke ting å finne på ute ein sommardag, i det minste vert det ofte kjekt når ein kjem i gang, om ein gjev det ein sjanse. At det er skilnad på korte gleder og lange gleder, at latskap har begrensa glede og verdi, og at den totale livskvaliteten vinn på å faktisk gjere noko, ute, på rett side av døgnet. Alt dette har eg erfart sjølv etter som tida har gått, og trur difor på det som sanningar.

No er desse sanningane som forelda å rekne. Livet til den oppveksande slekt har flytta inn i eit harddisk-kabinett, og blir halde kunstig i live via ein skjerm. Der foregår alt som er verd å gjere og alt som er verd å vite.
Eigentleg burde det ha vore ei kombinert data- og overvakingsmaskin, slik som dei har på sjukehus. Ei slik kurve som jobbar seg opp og ned over skjermen og overvakar graden av liv og helse: Puls, hjarterytme og andre funksjonar. Så skulle det ha vore ein alarm når ein eller annan funksjon nærma seg faretrugande nivå, med ein høg og skremmande lyd rett inn i øyreklokkene. Kanskje ei melding, lese med mørk, tillitvekkande mannsstemme: «Dersom du no ikkje forlet skjermen i løpet av fem minutt, går du inn i ein alvorleg zombie-tilstand.» Eller: «Di maksimale skjermtid er oppbrukt for tre døgn framover, du må no koble frå for å unngå varige skader.» Eller: » Overdriven PC-aktivitet kan medføre alvorlege mangeltilstandar for kropp, hjerne og sosial utvikling. Vi advarer deg, stopp i tide!»
Men slike tankar er vel nok ei stadfesting på kor akterutsegla, teite og irriterande haldningar desse stakkars tenåringane må leve med. Ikkje rart det smell i dører og haglar med irritable kommentarar. 

Helst ville ein jo vere ei slik flink og snill super-mor som ungdommane kan snakke med om alt. Ei slik som berre kan bake bollar og koke kakao, kanskje kveikje eit stearinlys, og så kjem ungane friviljug strøymande til, set seg ned ved kjøkenbordet og snakkar ærleg og openhjartig med mor om sine gleder og sorger. Kanskje dei til og med ville betru deg nokre av sine nyaste opplevingar eller innerste tankar. Og når dei sat der, og bivra med sine kjærleikssorger eller konflikter, skulle ein vere ei klok mor som fann dei rette orda, fekk lov å stryke litt over håret og gje kjensla av å forstå og støtte uansett, gjennom livets mange prøvingar.

I staden er eg altså jamnt teit. Mitt sjølvbilete som eit nokolunde forstandig og oppegåande menneske må reviderast alvorleg, og har beint ut sagt fått ein alvorleg knekk. Og så skal ein attpåtil vere lærar, og handtere ungdomar både heime og ute. Nei, eigentleg hadde ein vel passa best til å vere barnlaus frøken med jobb i eit eller anna nedstøva arkiv, langt frå folk. Å vere bibliotekar, arkivar eller forskar innanfor eit livsfjernt og irrelevant fagfelt hadde nok passa betre.

Men i lysare augneblinkar lurer ein på om det kan finnast ei anna forklaring.
Kanskje er ein berre utsett for dobbel dose tenåringar med langt framskriden tilstand av lidinga Pubertetus Vulgaris. Dette er ein diagnose som er kjenneteikna av at den rammar omgjevnadene hardare enn pasientane. Humørsvingingar og ukritiske verbale utfall er kjernesymptom, og det fører ofte til vesentleg brist i sjølvkjensla hos næraste familie. Mødre er mest utsette, og sjukdomsbildet toppar seg ofte i lange feriar.

8 thoughts on “Ei mors vedkjenning

  1. He,he..lett å kjenne seg igjen her. Trøysta er at det faktisk går over om nokre år. Når desse håpefulle med all sin internettkompetanse skal bestille sin første sydentur, og pengane skal ut av eigen konto, då er det greitt å ha gamle, trygge mutter’n der som utruleg nok har gjort det før. Når barnebarna dukkar opp, har dei gløymt at du er teit og hinsides alle begrep, og overlet gjerne knøttet til deg. Det blir plutseleg viktig at den vesle får oppleve alt det kjekke som dei gjorde då dei var små, før tenåra kom og revolusjonerte alle kjende verdiar. Stå på Sonja!!

  2. Pft! Det går over 🙂 Eg har vore der og var/er ikkje det minste bekymra. Berre vis at du er til stades med ei vafle eller to av og til. Gjer dei trygge på at dei kan ta eigene val. Det går seg til :o) Før du veit ordet av det har dei gjort alt og vore på stader du aldri har tenkt å reise til. Om dei aldri kjem seg på Tindefjellet, men har rafta i ei elv på New Zealand så har dei opplevinga. Lukke til 🙂

  3. Ja, jeg får si som flere her: Det går over, men jammen er det smertefullt mens det står på! Og ikke går det så fort over heller…. Tilbakefall må i hvert fall påregnes. Og det kjedeligste er at jeg som mor ikke har noe å stille opp med som kan kurere. Så da blir det å stole på at rollen som varm og trygg base kombinert med litt motstand og utfordring av deres verdensmestertilnærming fungerer. Lykke til Sonja, dette er en slags utholdenhetsetappe som etterhvert gir stor gevinst. Ja, for det er fantstisk når de plutselig har padlet sin egen versjon av «ei elv på New Zealand»!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s