Visit Sogn og Fjordane

DSC_0118

«Do you have a room, please, madam?» I snart to månader har det svinga folk ned på tunet vårt, frå Tyskland, Austerrike, Sveits, Italia, Frankrike, Latvia og Sverige. Langt fleire enn vi trudde då vi hengde opp sjølvmåla skilt i slutten av juni. Vi har snakka engelsk etter beste evne, vist rundt, forklart om vaskemaskin og dusj og handkle, skrive rekningar, vaska og skifta sengekle. Smilt og prøvd å sjå ut som ekte turistvertar. 

Det har vore spennande å gjere noko heilt nytt. Plutseleg er vi nybegynnarar, og det dukkar opp spørsmål som vi ikkje har tenkt på før. Kva er korrekt, kva blir forventa, kva må forbetrast? Kva er rett prisnivå? Kva slags engelske ord er det som manglar i vokabularet? Vi har prøvd så godt vi har kunna, medan det vanlege sommarlivet har gått sin gang. Vi veit aldri kor tid det kjem nokon, og vi har teke imot gjester med riva i handa, i arbeidsklede og joggesko med grønske på. Kvar tid som helst kan det komme nokon innom, og ein bør ha eit minimum av presentabel stil, både på seg sjølv og tunet.

Vi var så heldige å få avløysing ei veke, så vi fekk kome oss litt ut i verda sjølve. Ei veke i leigd feriehus i Danmark gav sjansen til å sjå ting frå den motsette rollen.Vi hadde fått nye briller på, og såg reiseopplevingane våre med andre turistauge enn før. Kva fungerer i huset, og kva saknar vi? Kva er fint å sjå her? Kva er det å finne på? Korleis er standarden, informasjonen og servicen? Korleis er ting gjort, lagt til rette, kva set vi pris på som besøkjande gjester? Der var skilt og attraksjonar over alt, kort mellom opplevingsparkane,  tilrettelagde sykkelvegar, flotte strender og campingplassar, hagekafèar, galleri, og ein gards-isfabrikk med eige utsal på garden

Etter ei veke i Danmark såg vi bygdene våre med andre auge, og vi tenkte: Kva skjer hos oss? Kan kan vårt distrikt tilby? Kva ser og tenkjer turistane som kjem til Sogn og Fjordane? Kva skal vi selje oss på?  Sjølvsagt sel vi fjordar og fjell, grøne lier, friske fargar og rein luft. Men er det nok? Skjer det nok her? Er det nok stader å oppsøkje, nok ting å oppleve, finne på? Er vi imøtekommande nok, viser vi at vi ynskjer dei velkomen og gjev dei opplevingar?

På ein tur til Nordfjord køyrde vi gjennom Jølster, Breim og langs Nordfjorden, og såg våre ungdoms vakre bygder med eit kritisk blikk. Det er mykje fint å sjå, men òg ein del forfall langs vegen. Ein tom kafè midt i eit sentrum, gamle nedfallstruga bygningar som grin imot deg, avflassa stakittgjerde og målingsslitne bygningar. Bygdene går sin gang, men sett frå bilvindauget sender dei  ikkje tydelege signal om overskot, aktivitet, vekst og velkomst.

Ein annan gong køyrde vi gjennom Valdres, og der merka vi oss derimot dei mange skilta langs vegen om gardsbutikkar, ymse utsal og aktivitetar. Det såg ut som om bygdene der var fulle av aktivitet og ynskte sine gjester velkomne rundt kvar sving, og eg hugsa lærarkollega og valdris Hanne Maren Blåfjelldal sitt blogginnlegg der ho rosar heimtraktene sine for å ha funne ein nøkkel til styrka identitet og bygdeutvikling:
http://blaafjelldal.blogspot.no/2013/06/valdres-valdres.html

Men no er det heller ikkje sant at det ikkje skjer noko i Sogn og Fjordane, kanskje er det berre vi som er stoveblinde og ikkje ser det? Vi kjøpte boka «Opplev Sognefjorden» av Ingrid Loftesnes, og vart overraska over alle dei attraksjonar, verksemder og tiltak som ho har greidd å samle mellom to permar. Og ei etterrøkjing av nettadressene ho oppgav viste mange overbevisande verksemder rundt i krikar og krokar, som  gjestehuset «Eplet Bed and Apple» i Solvorn, Henjatunet Eggjagarden på Leikanger eller gjestgjevargarden i Skjerjehamn.

Reiselivsproduktet i  Sogn og Fjordane er natur og bonderomantikk. Vakre landskap, velstelte gardar, dyr på beite, grøne lier. Men det kjem ikkje av seg sjølv. Vi må blankpusse det, spandere på det nokre målingsstrøk og vise det fram med glede. Vi er smålåtne og trauste vestlendingar som putlar med vårt og ikkje vil vere prangande og opptekne av utsjånad for utsjånaden si skuld. Vi målar ikkje utan at det er rekningssvarande av praktiske omsyn. Distrikta er under press, og vi blir kanskje nøydde til å tenkje på moderne fenomen som produktutvikling og image, tenkje på kva signal vi sender ut, sjå bygdene våre utanfrå og blankpusse dei, til glede for oss sjølve og dei tilreisande.

La oss pusse opp Sogn og Fjordane! Her har vi eit ansvar, alle som eig eigedomar langs vegen. Og styresmaktene må gjerne bidra med å oppfordre, støtte og legge eit mildt press på oss, slik som ordføraren på Eid: http://www.nrk.no/sognogfjordane/no-kan-huseigarar-fa-tvangsmulkt-1.11158297

Vi får feie for eiga dør, og få orden på ein målingssliten låve og rusta bølgeblekkplater.
Vi får halde fram med å utvikle engelsken og servicen vår, og prøve å bli nokolunde proffe turistvertar etter kvart. Og takk til alle rundt om i krikar og krokar som driv på med store og små verksemder, festivalar og tiltak som skaper liv og aktivitet, og gjer fylket vårt verd å besøkje!

1 thought on “Visit Sogn og Fjordane

  1. Gratulerer med ein god start som hobby-innovatørar langs fjorden ! Om det skulle gå tregt innimellom med måling, pussing og visjonering,- så hugs at snigelen også går framover !

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s