Nytt av gammalt

Heldig er den som har ein pensjonert byggmeister i familien. Ein som har kjærleiken til tre i ryggmargen, snikkarkjensla i hendene og 50 års erfaring i blikket, etter eit heilt yrkesliv som bygningsmann. På Klævoldsneset har det reist seg ei hytte i det stille. Der har han jobba på dei siste åra, med å reise eit bygg fylt av både fortid og framtid. Det er ei sperrestove, eit slikt hus som dei bygde her på vestlandet på 1800-talet. Eit ope stoverom med bjelkar og mønetak, i lafta tømmer.No har ho gjenoppstått i moderne innpakking, og står der og hyser 130 års historie i veggene.

Det starta med ei annonse i Firda i 2007. «Sperrestove rimeleg til sals mot riving». Ho stod i eit tun på Aaberg i Gaular, og hadde stått der sidan 1880-talet. Ein aprildag i 2008 starta rivinga, med ein dugnadsgjeng frå fleire generasjonar. Stova var ikkje noko vakkert syn der ho stod, prega av forfall og likesæle.

sperrestova

interiør sperrestova

Eit lafta hus kan demonterast bit for bit, som eit byggjesett. Så etter at rusk og rot, omnar, dører og anna inventar var fjerna, vart  dei støvete stokkane merka og demonterte. Dei vart løfta ned med heisekran, lagde på lastebil og køyrde til Klævold. Der låg stabelen på vent i to år, medan tomt og grunnmur vart gjorde klar.

Tomta vart sprengd ut, grøftar for kablar og rør gravne. Muren av naturstein voks fram i løpet av 2009, under grabben på ei gammal, tungmanøvrert gravemaskin som samarbeidde på gode dagar. Vinteren etter starta reisinga av bygget, med innleigd hjelp frå Jølster Bilelag. I eit kaldt, bitande regn og snøslette kom skjelettet opp i ståande. Rotne stokkar og deler vart skifta ut med nytt. Men då skalet av eit hus stod på muren, var det berre starten på eit tilsynelatande endelaust arbeid.

Sidan har han putla på. Torvtak er lagt, tilbygg er reist, golv, dører og glas sette i.  Nokre av vindaugsopningane er vortne flytta for å passe betre til den nye tomta. Ny pipe er murt, den originale vedkomfyren pussa opp og sett inn. Tilgrodde, gamal-skitne veggar er vaska, dei gamle dørene er måla, nytt kjøken og bad med moderne fasilitetar er montert inn i det gamle. Byggmeisteren har drive på. Noko hjelp har han fått av konemor og familie elles, det meste har han gjort sjølv. I alle årstider, temperaturar og vèrforhold, med primitiv innlosjering i campingvogn på byggeplassen. Putla på, litt no og litt då. Klart det har vore mykje arbeid. Klart det går an å bli lei og lure på kva ein har teke seg i ferde med.

Men no er den gamle stova i ferd med å gjenoppstå i ny drakt, som den første utleigehytta på Klævoldsneset. I slutten av august var det innspurt, for utleigebyrået skulle komme for å ta bilde til neste års katalog. Vi rydda, vaska og innreia, det vart bygt terassar, montert hagemøblar og pussa opp uteområde. Ein strålande seinsommardag vart sperrestova fotografert, der ho låg og skein på si nye tomt ved Sognefjorden, og no vert ho send på bilde til Tyskland for lansering i katalog og på nett.

Etterpå hadde vi innviingsfest. Vi tykte det var verd ei feiring, ei høgtideleg opning med snorklipping, song og taler. Då hadde det gått seks år sidan han las annonsa i avisa den gongen. Han sa noko då, om kva som var drivkrafta bak prosjektet. Det var arven frå dei gamle sperrestovene, kjensla av det gode, gamle rommet, som hadde sett seg i han frå barndommen av. Ynskjet om å gjenskape stemninga i eit slikt gammalt rom. Å få fram igjen tradisjonane i denne hustypen, og prøve eigenhendig å setje opp eit slikt hus. Rett og slett kruna på verket, etter eit yrkesliv i byggebransjen, og eit djupdykk tilbake til tider før vår.

Så flott det må vere å vere i stand til å byggje eit hus, å kjenne treverket forme seg og sjå eit bygg reise seg under hendene sine. Å setje opp noko som skal bli ståande, lenge etter at du sjølv har reist vidare. Ein bygning som skal huse menneske, skape varme rom og opplevingar for andre. Så fint det må vere å kunne gjenreise noko, skape noko nytt av det gamle, gje det nytt liv og forlenga levetid. Stoppe forfall, gjenskape det vakre og solide arbeidet som har vore lagt ned. Dette er gjenbruk på høgt nivå. Ein kan rett og slett, bokstaveleg, ta tidlegare generasjonar sitt arbeid i hendene og føre det vidare.

Det er mykje arbeid å rive og gjenreise eit hus. Det har vore lagt ned ein formidabel innsats. Men det skal vel koste å realisere draumar. Byggmeistaren har fått realisert sitt ynskje om å setje opp ei original sperrestove. Og han var nok glad han var ferdig no.
Vi har fått uvurderleg drahjelp til å få realisere den første utleigehytta, og tek hatten av og takkar for innsatsen.

DSC_0153[1]DSC_0148[1]

DSC_0160[1]

 

Fleire bilde på http://www.facebook.com/Klevold

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s