Korps

Fagforeningens musikklag var i Oslo denne veka, for å spele under landsmøtet til fagforeininga IndustriEnergi på Folkets hus. Framfor 650 landsmøtedelegatar kom augneblinken som har vore førebudd i månadsvis, då  «Arbeidermarsj» og «Seieren følger våre faner» klang utover salen og minte landsmøtedeltakarane på fagrørsla sine stolte tradisjonar. Korpset, stifta av Høyanger Kjemiske i 1923, var invitert i eigenskap av å vere det einaste musikkorpset i landet som er eigd av ei fagforeining.

Høyanger Musikklag fikk opp stemningen i salen på landsmøtets andre dag. Rett og slett glimrende musikk, ble det sagt fra flere i salen.Foto: Atle Espen Helgesenhttp://www.industrienergi.no/images/archive/20141021-091450109.jpg

Det var ikkje planen å bli korpsdirigent. Tvert om. Dette skulle vere eit år med romsleg plass på timeplanen og tid for grunnopprydding i skåp og boder. Så peip det inn ei melding rett før skulestart: Korps i naud, dirigentkrise. Kanskje var det eit gamalt, gløymt korpshjarte som starta å tikke langt der inne ein stad, i alle fall  fann eg meg sjølv att framfor ærverdige Fagforeningens musikklag med handa i oppslag og eit partitur for tromboner, saxofonar og tubaer på notestativet.

Korps er ukult. Det er treigt og tradisjonsbunde og uhipt. Det veit vi, fordi vi lever i ei tid der 25-åringar frå Oslo-gryta held oss kontinuerleg oppdaterte på alle kanalar om kva som er «kjempekult». Musikkgleda til folket ligg i tv-ruta, der vi kan sjå kjendisar og håpefulle talent slå kvarandre ut i «The Hit», «Stjernekamp» eller «Idol». Lukka er å «komme videre», konkurrere ut andre håpefulle og halde fram klatringa mot stjernehimmelen.

Korps er milevidt frå å vere kjempekult, og det fører ingen mot stjernestatus. I tillegg er det langsamt og møysommeleg. Suksessen kjem ikkje over natta, men gjennom årevis med sure tonar og øvingstimar. Korps har nokre fellestrekk med kyrkja, «Norge Rundt» og andre fenomen som tida ikkje heilt veit om ho skal halde fast ved eller springe frå. Dei kan få eit ufrivilleg komisk skjær, i all sin tradisjonstruskap og velmeinande, trauste samfunnsinnsats. Det kan bli vel mykje ompa og uniform, i vår u-uniformerte, lettbeinte og udisiplinerte tid. I ei tid der alle vil ha fridom frå plikter, øl på hagebordet og humla fritt susande på 1. mai, kan det bli noko merkeleg og morosamt over folk som marsjerer på rekkje i uniform.

På same tid er det noko trygt og godt over dei som held ut, held fram, held fanene heva og korpsa gåande. Så var verda likevel enno den same, og noko er som det alltid har vore. Men kva driv dei? Kva skjer med menneske som har fått trommemarsjar i ryggmargen, som har bidrege til å få «Gammel jegermarsj» og «Norge i rødt, hvitt og blått» til å klinge over eit bunadskledd bygdetog i all slags 17. mai-vèr? Dei vert i familie, det oppstår eit musikalsk og åndeleg fellesskap mellom dei som har knekt kodane for 1. og 2. hus, og repetisjon frå Dal Segno til Coda. Som har gjennomlevd blåfrosne hender på julegateopninga, kaldt regn og gyselege regnfrakkar, marsjert seg gjennom lange opptog på musikkstemne. Som har kjent gåsehuda på ryggen når musikken tok tak, funne seg sjølv midt inne i musikken og kjent sjela flagre lukkeleg i speleglede.

Vi er tilbake på grusbana ved Vassenden skule, på midten av 1970-talet. Det er tidleg vår, og Vassenden skulemusikk er ute på ei av årets første marsj-øvingar før 17. mai. Den ferske tiåringen med althornet er i ferd med å knekke marsj-koden, og få rytmen frå trommevirvlar og marsjerande føter inn i kroppen. Vinden er sur ved Jølstravatnet i slutten av april, og den unge dirigenten terpar tolmodig på svingane, der vi skal halde rekkja og skråe gradvis utover.

Det skal ligge mange harde 17. mai-økter framfor oss i åra som følgjer. Rundt om i halve kommunen, i buss frå den eine spelestaden til den andre. Fem tog var rekorden, så vidt eg hugsar. Innimellom vanka det ei pølse med brød og nokre ispinnar som løn for innsatsen. Vi spelte oss opp grusvegar, inn på graskledde, gjengrodde skulegardar, endåtil opp til eit beite på Eikås, med høveleg nasjonalromantisk vakre bjørker. Vi gjekk i flate seglarsko, blått foldeskjørt, raud uniformsjakke og tilhøyrande båthue som måtte festast til håret med hårspenner for å ikkje falle av. Der gjekk vi, pliktoppfyllande og stolte over å vere i korpset, medan trommemarsjen festa seg i øyregangane for resten av livet. Nokre gonger blåfrosne i den tynne strømpebuksa under det korte foldeskjørtet, og eg hugsar korleis mødrene våre slapp eit letta sukk då vi jentene endeleg fekk lov å bruke bukser til uniformen på kalde dagar.

Det var ingen som snakka om å slutte, så vidt eg hugsar. Det var ikkje eit tema. Var du sila ut til å få starte i korpset, så var du i korpset. I dag er det eit fåtal ungar som held ut ei korpskarriere. Det er for kjedeleg, for slitsamt, for langsamt. Foreldra vegrar seg også, og bekymrar seg meir for dugnadsarbeid enn for blærekatarr  Men vi sat, på øving etter øving, og venta med våre etterslag, medan kornettar og grovmessing øvde seg gjennom sine vakre melodiliner.

Alt dette kling med i bakgrunnen, når vi no igjen tek steget inn i korpsverda. Det var som å komme heim, som å møte ei grein av familien som ein lenge har vore borte frå. Spelegleda var så ekte og merkbar. Og det kjennest betryggande å vere saman med folk som har brukt årevis av livet sitt for å lære å spele eit instrument, dei fer ikkje med tant og fjas. Folk som prioriterer å bruke to timar i veka på å sitje ved eit notestativ og øve inn tonar og rytmar, vente tolmodig på at alle dei andre instrumentgruppene skal lære sine stemmer: «Grovmessing om igjen ein gong til frå A, ein, to, tre , fir…» Folk som stiller trufast på julekonsertar, basarar, festdagar, stemne og gravferder. Marsjerer i sol og regn, utstyrte med regntrekk mot regn, hanskar mot kulde og klesklyper mot vind. Folk som kan sine marsjar og koralar etter fleire tiår med speleoppdrag på 17. mai, slik at andre kan få den gode, nasjonale høgtidskjensla. Dei kan du vere trygg saman med.

Men rekrutteringa er laber, og den gamle, trufaste garde treng snart avløysing. Kampen om sjelene er hard, og få er dei som er viljuge til å gå inn den smale porten og følgje den lange, arbeidsame vegen inn i musikantane si verd. Vi var nok heldige, vi som vaks opp på 70-talet, for vi visste ikkje betre. Vi trudde det skulle vere slik, og stilte på øving kvar måndag klokka 6 utan å kny. Løna vart utbetalt med ubegrensa uttak av musikkglede resten av livet. Så til slutt ein personleg takk til Gunnar Smaadal, min musikalske far i Vassenden skulemusikk, og ansvarleg for frelsa av utallige korps- og korsjeler gjennom eit halvt hundreår på Jølster.

Og vil du etter alt dette høyre Fagforeningens musikklag i Oslo, kan du gå inn her (lyden kjem på ved ca. 7 min.):
http://lostream1.com/wpattetilfire/iesession02/

3 thoughts on “Korps

  1. Hei Sonja. Eg får nesten tårer i augene når eg les innlegget ditt. Tenk om det var mange slike som deg som har «knekt koden» og finn den ekte gleda i det å vere korpsmusikant. Takk for at du var den pliktoppfyllande, positive musikanten som du var.
    Helsing gamledirigenten!!

    • Tusen takk sjølv, dette var ein flott kommentar å få! Og vel overstått konsert med Jølstrakoret, atter ein gong. Du gjer eit imponerande, uthaldande arbeid som kastar av seg for mange, i lang tid etterpå.

  2. Kjempe bra skrevet. Jeg kjenner meg litt igjen. Er drillinstruktør for drillpiker. De som ikke knekker taktkoden slutter somtegel. Også har vi ei som fremdeles ikke har knekt den. Men hun nekter å slutte.Hun står på å skal knekke koden i det å masjere i takt og drille samtidig.Vi vil takke korpsene som spiller musikken for oss. Og man får mange vennskap for livet om man deltar å er med på seminar. Jeg var selv med i Trøndelag drilltropp et år. Dette var kjempegøy. Nå har jeg venner litt over alt både i korps og i drill.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s